Johan Bülow Wamberg () var ein norsk kjøpmann, tollar og stortingsmann frå Kviteseid i Telemark.

Wamberg var yngst av 13 sysken og voks frå barneår opp i heimen til Niels Aall i Ulefoss. Han fekk utdanning i handel og var ei tid fullmektig i ei trelastforretning. Sidan var han kjøpmann i Skien, i tillegg til å vere branninspektør. Frå 1829 var han overtollbetjent, fyrst i Farsund, så i 1841 i Flekkefjord og i 1842 i Kristiansand.

Wamberg representerte Skien og Porsgrunn i Stortinget 1827 og omframtstortinget 1828. I 1827 var han medlem i komiteen om handel og næringsfridom, og i komiteen om kjøpstadskatten.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Stortingsrepresentantar for Skien og Porsgrunn Kategori:Norske tollarar