Christen Borgersen Dahler () var ein norsk gardbrukar frå Nedre Eiker som i 1839 representerte Akershus amt i Stortinget.

Dahler var son til ein gardbrukar. Han gifta seg med enkja åt Hans Nielsen Hauge og dreiv frå 1826 til 1857 storgarden Bredtvedt i Aker. I 1837 kom han med i det fyrste heradsstyret for Aker, sidan tildels ordførar i heradet. Elles medlem i forliksrådet. Perioden 1857-79 dreiv han garden Berg i Romedal herad i Hedmark. Flytta då til garden Neby i Tynset der han døydde.

I 1839 var Dahler 4. representant frå Akershus amt til stortinget, eit val som var godkjent med 62 mot 30 røyster. På Tinget var han medlem i Næringskomite nr 2.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet