Vivian Motzfeldt () er ein grønlandsk politikar for Siumut. Ho har vore minister for utanrikssaker, næring og handel frå 5. april 2022 til 13. mars 2026. I mars 2025 vart ho leiar for Siumut, då forgjengaren Erik Jensen trekte seg etter at partiet leid valnederlag ved parlamentsvalet same månad. Motzfeldt trekte seg frå vervet i juni.

Bakgrunn Vivian Motzfeldt er dotter av sauebonden Christian Motzfeldt og kona hans Ruth, og voks opp på sauegarden Upernaviarsuk litt aust for Qaqortoq. Frå ho var sju år gammal budde ho på internatskule i Qaqortoq saman med tre eldre brør, men reiste heim til familien i helger og feriar.

Motzfeldt gjekk på vidaregåande skule i Qaqortoq i perioden 1989–1993, med eit innskote år som AFS-utvekslingsstudent i USA i 1990–1991. Ho utdanna seg til lærar ved Grønlands Seminarium (Ilinniarfissuaq) frå 1994 til 1997, og tok deretter ein bachelorgrad i kultur- og samfunnshistorie ved Grønlands universitet (Ilisimatusarfik) i perioden 1998–2000.

Motzfeldt arbeidde som lærar ved ein barneskule i Nuuk frå 1997 til 1998 og som lektor ved vidaregåande skule i Nuuk frå 2002 til 2003. I perioden 2003–2005 var ho lærar ved prosjektet Matu, ein institusjon i Nuuk som hjelpte unge med valdsproblem. Frå 2005 til 2007 jobba ho ved ein barneskule i Nuuk, og frå 2010 til 2014 var ho lærar ved Campus Kujalleq, som er både vidaregåande skule og yrkesskule i Qaqortoq.

Politisk karriere Motzfeldt stilte til val ved landstingsvalet i 2005 (Inatsisartut) og folketingsvalet i 2007, men fekk ikkje nok røyster til å bli vald. Ho stilte ikkje til val igjen før landstingsvalet i 2014, der ho vart andre vararepresentant for Siumut. (velg det ønskede valget i menyen på siden) Sidan Siumut fekk fem ministrar i den grønlandske regjeringa (Naalakkersuisut), og fire av dei fekk permisjon frå Inatsisartut, rykte Motzfeldt inn som vararepresentant.

Motzfeldt var leiar for grunnlovskommisjonen i perioden 2017–2018. Same året vart ho òg medlem av Siumut sitt hovudstyre og arbeidsutval.

Ved Inatsisartut-valet i 2018 vart Motzfeldt vald med 206 røyster, og ho vart ein del av den nye Naalakkersuisut som minister for utdanning, kultur, kyrkje og utanrikssaker. Ho hadde posten frå 15. mai 2018 til 3. oktober 2018. Då Naleraq forlét Naalakkersuisut i oktober, gjekk ho ut av regjeringa for å bli ny leiar for Inatsisartut etter Hans Enoksen.

Motzfeldt stilte til leiarvalet på Siumut sitt landsmøte 29. november 2020, men vart slått ut i første valomgang med berre 7 av totalt 71 røyster. Erik Jensen vann valet over sitjande leiar Kim Kielsen, og Motzfeldt vart vald til nestleiar.

Motzfeldt vart attvald til Inatsisartut ved valet i 2021 med 238 røyster. Etter valet vart ho minister for utanrikssaker, næring og handel i Múte Bourup Egedes første regjering frå 23. april 2021, medan Hans Enoksen tok over hennar tidlegare verv som leiar av Inatsisartut. Motzfeldt heldt fram med dei same ministerpostane i Egedes andre regjering frå 5. april 2022.

I mars 2025 etterfølgde Motzfeldt Erik Jensen som leiar for Siumut, etter at han trekte seg dagen etter valnederlaget ved parlamentsvalet på Grønland i 2025.Siumuts formand trækker sig efter valgnederlag. Nyhet på dr.dk 12. mars 2025. På eit ekstraordinært landsmøte i partiet i juni same år tapte ho leiarvalet mot Aleqa Hammond.Markus Valentin, Marie Kuitse (29. juni 2025). Formandsvalg Siumut: Sådan foregik skæbnens time. Knr.gl. besøksdato= 30. juni 2025

Den 13. mars 2026 vedtok hovudstyret i Siumut at Siumut skulle forlate koalisjonen i regjeringa Jens-Frederik Nielsen I. Konsekvensen var at Vivian Motzfeldt mista posten sin som utanriksminister. Fire dagar seinare valde ho å melde seg ut av Siumut etter meir enn 20 år i partiet.

Privatliv Motzfeldt er gift med politikaren Jørgen Wæver Johansen. Saman har paret fire barn.

Utmerkingar I 2021 vart Motzfeldt tildelt Grønlands fortenestemedalje, Nersornaat, i gull for det politiske arbeidet sitt og leiarskapen av Inatsisartut.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Vivian Motzfeldt» frå , den 27. januar 2026.

Kategori:Grønlandske politikarar Kategori:Grønlandske landsstyreformenn Kategori:Folk frå Nuuk