Tatsuya Shinhama () er ein japansk skeiseløpar som i 2020 vart verdsmeister i sprint-firkamp.

Shinhama slo gjennom i 2019-sesongen. I februar kneip han andreplassen i Skeise-VM 2019 i sprint-firkamp, russiske Pavel Kulizjnikov sigra i tevlinga. Den 9. mars i Salt Lake City skreid Shinhama på 500 meter i mål på tida 33,83, under gjeldande verdsrekord. I eit seinare parløp vart han slått av Kulizjnikov som sette verdsrekord med 33,61 sekund. Dagen etter vann Shinhama eit 500 meter-løp på japansk rekord 33,79. Siste helga i februar 2020 lukkast han triumfere ved sprint-verdsmeisterskapen på Hamar. Etter svake prestasjonar under Vinter-OL 2022 i Beijing, retta han opp inntrykket med ein femteplass i sprint-VM 2022. Han var sjettemann på 500 m både i VM enkeltdistansar 2025 på Hamar og i Vinter-OL 2026 i Milano.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tatsuya Shinhama» frå , den 14. mars 2026.

Kategori:Japanske skeiseløparar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Sprint Kategori:Japanske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2022 Kategori:Japanske deltakarar under vinter-OL 2026 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2026