Francesca Lollobrigida () er ein italiensk skeiseløpar frå Frascati i Lazio-regionen. Ho vart i 2026 olympisk meister på 3 000 meter og 5 000 meter lengdeløp under dei olympiske leikane i Milano. Lollobrigida har i mange år tevla også på rulleskeiser og i kortbaneløp. Skodespelaren Gina Lollobrigida var grandtanta hennar.

Lengdeløp Francesca tok del i internasjonale meisterskap i lengdeløp frå 2013. Før 2018 nådde ho ikkje opp i det ypparste tetsjiktet. I januar 2018 lukkast ho knipe gullmedaljen på fellesstarten ved europameisterskapen i enkeltdistansar. Året etter kom ho på tredjeplass i Europameisterskapen på skeiser 2019 i Collalbo, hennar einaste pallplass i eit internasjonal firkamp-meisterskap. Vinteren 2020 gjekk ho inn til sølv på fellesstarten og bronse på 3 000 m i EM enkeltdistansar. Ein sølv- og ein bronsemedalje sikra ho seg også under Vinter-OL 2022 i Beijing, medaljane kom på høvesvis fellesstart og 3 000 m.

I mars 2025 slo Lollobrigida norske Ragne Wiklund med 0,18 sekund på 5 000-meteren og tok gullmedaljen under VM enkeltdistansar på Hamar. Dagen etter fekk ho bronsen i fellesstarten. Høgdepunktet kom då ho under Vinter-OL 2026 gjorde ho sitt livs løp på 3 000 meter og slo sølvmedaljør Wiklund med over 2 sekund. Fem dagar seinare lukkast ho vinne gullmedaljen på 5 000-meteren, einast 10 og 17 hundredels sekund føre nummer 2 og 3 i tevlinga.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Francesca Lollobrigida» frå , den 10. mars 2026.

Kategori:Italienske skeiseløparar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Enkeltdistanse Kategori:Olympiske meistrar for Italia Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Italia Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Italia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Italienske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2014 Kategori:Italienske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2018 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2022 Kategori:Italienske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2022 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2026 Kategori:Italienske deltakarar under vinter-OL 2026 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2026