Anne Edwige Maria Peichert (), kjend under artistnamnet Louane Emera eller berre Louane, er ein fransk songar og skodespelar. I Frankrike vart ho kjend som semifinalist i 2013-sesongen av The Voice: la plus belle voix, og internasjonalt er ho mest kjend for rolla si i filmen La Famille Bélier frå 2014, som ho vann César-prisen for mest lovande kvinnelege skodespelar for. Ho representerte Frankrike i Eurovision Song Contest 2025 med songen «Maman», der ho enda på sjuandeplass med 230 poeng. Bakgrunn Anne Peichert vart fødd i Sainte-Catherine 26. november 1996, og vaks opp i det franske departementet Pas-de-Calais saman med dei fire systrene sine og den einaste broren, Benoît. Faren hennar, Jean-Pierre Peichert, var fransk og son av ei polsk mor og ein tysk far. Mora hennar, Isabel Pinto dos Santos, var brasiliansk-portugisisk, dotter av ein portugisisk far og ei brasiliansk mor.
I 2008 deltok ho i L'École des stars, ein fransk musikkonkurranse som vart sendt på kanalen Direct 8.
Louane, som fekk diagnosen ADHD då ho var åtte år gammal,Louane sur NRJ har fortalt at foreldra ofte måtte straffe ho på grunn av hyperaktiviteten hennar, men at ho har lært mykje om disiplin av dei, og at dei alltid behandla henne med kjærleik.
Louane miste begge foreldra sine i tenåra; tolkinga hennar av «Imagine» var tileigna faren, som døydde berre tre månader før ho deltok i The Voice, og mora døydde i 2014 etter lang tids sjukdom. Karriere Musikk
I 2013 fekk ho sitt første verkelege gjennombrot då ho deltok i den andre sesongen av The Voice: la plus belle voix. Ho song «Un homme heureux» av William Sheller på auditionen, og alle dei fire mentorane – Florent Pagny, Jenifer, Louis Bertignac og Garou – snudde stolane sine. Ho valde å vere med på laget til Louis Bertignac. Episoden med «blind audition» vart sendt 16. februar 2013.
Den 23. mars 2013, under runden med musikalske duellar, vart ho vald av Bertignac framfor rivalen Diana Espir, etter at begge song «Torn» av . Under direktesendingane song ho «Les moulins de mon cœur» av og vart redda av publikumsrøystene. 27. april 2013 framførte ho «» av og vart redda vidare av mentoren sin. Med John Lennon sin «Imagine», tileigna den avdøde faren hennar, vart ho på nytt redda av publikum. Men ferda hennar enda i semifinalen etter tolkinga av «Quelqu’un m’a dit» av Carla Bruni. Ho fekk ein samla poengsum på 74, medan den andre semifinalisten på Team Bertignac, Loïs, fekk 76. Dermed vart Louane slått ut og enda mellom 5. og 8. plass.
Den 5. februar 2015 var ho oppvarmingsartist for under ein showcase-konsert i Paris. Debutalbumet hennar, Chambre 12, kom ut 2. mars 2015, og vart ein stor suksess. Singelen «Avenir» toppa òg den franske singellista.
I 2017 song ho på låten «It Won’t Kill Ya» frå debutalbumet til , Memories… Do Not Open.
Den 1. september 2021, i samband med Pokémon 25, gav ho ut songen «Game Girl», eit ordspel på Game Boy.
Den 30. januar 2025 vart det kunngjort at Louane skulle representere Frankrike i Eurovision Song Contest 2025 i Basel. Songen hennar hadde tittelen «Maman», der ho syng om den avdøde mora si. I finalen 17. mai enda ho på sjuandeplass med 230 poeng. Skodespel
Etter deltakinga hennar i The Voice fekk regissøren Éric Lartigau auge på ho og gav ho rolla i filmen La Famille Bélier, der ho spela Paula, ei 16 år gammal jente som er den einaste høyrande personen i ein familie av døve. Figuren syng fleire songar av Michel Sardou, særleg «Je vole». For denne rolla vann ho César-prisen for mest lovande kvinnelege skodespelar under den 40. César-utdelinga.
Ho har ei hovudrolle som barnepsykolog i den franske TV-serien Visions frå 2022, produsert av TF1, som hadde premiere på Canneseries same året. Serien er regissert av Akim Isker og har òg Soufiane Guerrab, Jean-Hugues Anglade og Julien Boisselier i sentrale roller. Handlinga dreiar seg om etterforskinga av eit barn som er meldt sakna, og ein ung gut som ser merkelege syn. Privatliv Louane er i eit forhold med songaren Florian Rossi. I mars 2020 fekk ho ei dotter som heiter Esmée.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Louane (singer)» frå , den 14. januar 2026.
Kategori:Franske songarar Kategori:Franske skodespelarar Kategori:Franske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Franske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-låtskrivarar