Jutta Monica Leerdam () er ein nederlandsk skeiserennar som i 2022 vart verdsmeister i sprint-firkamp og i 2026 vart olympisk meister på 1000 meter.

Åra 2020 og 2023 sikra Leerdam seg gullmedaljen på 1000 meter i VM enkeltdistansar. Under dei olympiske vinterleikane 2022 i Beijing vann ho sølvmedaljen på både 500 m og 1000 meter. Seinare i same sesongen kneip ho sigeren i Skeise-VM 2022 i sprint-firkamp på Hamar, framom landskvinna Femke Kok. I Vinter-OL 2026 vann Leerdam 1000-meteren framom Kok, på 500 meter vart rollene omsnudd. Leerdam har elles vore med å vinne teamsprinten for Nederland i VM enkeltdistansar 2019, 2020 og 2025.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jutta Leerdam» frå , den 2. mars 2026.

Kategori:Nederlandske skeiseløparar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Sprint Kategori:Olympiske meistrar for Nederland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Nederland Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2022 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2022 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2026 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 2026 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2026