Laura Secord (født Ingersoll; ) var ei kanadisk kvinne som var involvert i 1812-krigen. Ho er kjend for å ha gått 32 kilometer (20 miles) ut av det amerikansk-okkuperte området i 1813 for å åtvara britiske styrkar om eit føreståande amerikansk åtak. Medverkinga hennar i krigen var lite kjent medan ho levde, men etter at ho døydde har ho fått mykje ære i Canada. Sjølv om Laura Secord ikkje hadde noko samband med det, knyter dei fleste kanadiarar henne til selskapet Laura Secord Chocolates, som blei oppkalla etter henne i samband med hundreårsjubileet for ferda hennar.
Far til Laura Secord, Thomas Ingersoll, budde i Massachusetts og kjempa med patriotane under den amerikanske sjølvstendekrigen (1775-1783). I 1795 flytta han familien til Niagara-regionen i øvre Canada etter å ha søkt om og fått tildelt jord. Kort tid etter gifta Laura seg med lojalisten James Secord, som seinare blei alvorleg såra i slaget ved Queenston Heights tidleg i 1812-krigen. Medan han framleis kom seg etter skadane, i 1813, invaderte amerikanarane Niagarahalvøya, inkludert Queenston. Under okkupasjonen fekk Secord informasjon om eit planlagd amerikansk åtak, og lurte seg vekk morgonen 22. juni for å informera løytnant James FitzGibbon i territoriet som framleis blei kontrollert av britane. Informasjonen hjelpte britane og dei allierte mohawkfolka til å slå tilbake amerikanarane i Slaget ved Beaver Dams. Bragda til Secord blei gløymt fram til 1860, då Edvard, prinsen av Wales, gav den fattige enkja 100 pund for tenesta hennar under ei vitjing til Canada.
Soga om Laura Secord har fått mytiske overtonar i Canada. Historia har vore tema for bøker, skodespel og poesi, ofte med mange utbroderingar. Sidan ho døydde har sidan Secord blitt gjeven kanadiske ærestivisingar, inkludert skular kalla opp etter henne, minnesmerke, eit museum, eit frimerke og ein mynt, og ein statue ved Valiants Memorial i den kanadiske hovudstaden.
Ferda til Secord alt=Painting of Laura Secord warning British commander James FitzGibbon of an impending American attack at Beaver Dams|mini|Secord åtvarer den britiske kommandanten James FitzGibbon om ein føreståande amerikansk angrep på Beaver Dams. (Lorne Kidd Smith, ca. 1920). 27. mai 1813 gjekk den amerikanske hæren over Niagara-elva og byrja eit åtak på Fort George. Queenston og Niagara-området fall under åtaket. Menn i militæralder blei sende til USA som fangar, men James Secord, som framleis var i ferd med å koma seg etter å ha blitt såra,var ikkje blant dei. I juni blei fleire amerikanske soldatar innkvarterte i huset til Secords.
Om kvelden den 21. juni 1813 fekk Laura Secord høyra om planane for eit amerikans overraskingsåtak på britiske troppar under løytnant James FitzGibbon ved Beaver Dams, noko som ville ha styrka den amerikanske kontrollen på Niagarahalvøya. Ifølgje tradisjonen skal ho ha høyrd ein samtale om dette mellom amerikanarane som budde der medan dei åt middag.
Sidan mannen hennar framleis var dårleg av skadane sine, la Secord sjølv ut tidleg om morgonen for å åtvara løytnanten. Ho skal ha gått 20 miles, eller 32 km, frå dagens Queenston gjennom St. Davids, Homer, Shipman's Corners og Short Hills ved Niagara Escarpment før ho kom fram til leiren til allierte mohawk-krigarar, som førte henne resten av vegen til FitzGibbon sitt hovudkvarter ved DeCew House. På grunn av åtvaringa hennar blei ein liten britiske styrke og ei større gruppe mohawkkrigarar gjort klare til det amerikanske åtaket. Dei sigra over amerikanarane, som i hovudsak anten omkom eller blei tekne til fange i slaget ved Beaver Dams den 24. juni. Secord blei ikkje omtalt i nokon rapportar laga like etter slaget.
mini|Statue av Laura Secord ved Valiants Memorial i Ottawa.
Død og ettermæle høgre|mini|Grava til Secord på Drummond Hill-fjerda Laura Secord døydde i 1868, då ho var 93. Ho blei gravlagd ved sida av mannen sin på Drummond Hill Cemetery i Niagara Falls. Grava hennar er markert med eit monument som har ei byste på toppen. Det står nært eit monument som markerer Slaget ved Lundy's Lane.
Secord er blitt samanlikna med den franske-kanadiske heltinna Madeleine de Verchères og med den amerikanske revolusjonshelten Paul Revere. Soga hennar er blitt gjenfortald og minna av generasjonar av biografar, dramatikarar, diktarar, romanforfattarar og journalistar. alt=An upright stone monument surrounded by a low hedge. In the middle is an upright oval of an elderly woman's face in relief.|venstre|mini|Laura Secord Monument i Queenston Heights. Etter å ha funne eit avisutklipp om hendingane, fatta den tidlege feministen Emma Currie livslang interesse for livet til Secord. Ho spora opp informasjon frå slektningane til Laura frå så langt borte som Great Barrington, og gav ut ei biografisk beretning i 1900 som heitte The Story of Laura Secord. Currie arbeidde seinare med hell for å få eit minnesmerke til Secord reist i Queenston Heights. Dette granittmonumentet er 210 cm høgd og blei innvigd i 1901. I 1905 blei eit portrett av Secord hengt opp i parlamentet. Dramatikaren Merrill Denison skreiv eit høyrespel om historia hennar i 1931, som blanda seriøs historie med parodi.
Ved hundreårsfeiringa for turen til Secord, i 1913, grunnla Frank O'Connor sjokoladebutikken Laura Secord Chocolates. Den fyrste butikken opna ved Yonge- og Elm-gatene i Toronto. Sjokoladane var pakka i svarte boksar pynta med ein kamé av Secord. På 1970-talet var selskapet blitt den største godteriforhandlaren i Canada. For mange kanadiarar er namnet Laura Secord sterkare assosiert med sjokoladeføretaket enn med den historiske figuren.
Under krigen i 1812 blei Secord-garden i Queenston skoten på og plyndra. Han blei restaurert på slutten av 1900-talet og gjeven til Niagara Parks Commission i 1971. Han blir no driven som museum og gåvebutikk. Laura Secord Legacy Trail er ei turrute som dekkjer den 32 kilometer lange reisa ho tok frå heimstaden sin i Queenston til DeCew House i Thorold, der ho leverte bodskapen sin til løytnant FitzGibbon den 22. juni 1813.
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Laura Secord» frå , den 17. februar 2026. oppgav desse kjeldene:
Bibliografi Bøker
Tidsskrift
Aviser
Nettstader
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kanadiarar