«Insieme: 1992» (norsk ‘Saman: 1992’) er ein italiensk popsang frå 1990 som blei skriven og framført av den italienske artisten Toto Cutugno. Songen vann Eurovision Song Contest 1990 for Italia, og dette var den andre sigeren landet fekk i tevlinga. Tittelen spelar på etableringa av Den europeiske unionen og handlar om europeisk integrasjon og samkjensle. «Insieme: 1992» vart ingen stor kommersiell suksess i Europa etter finalen, men tok seg inn på singellister i fleire europeiske land. Han kom likevel ikkje inn på den norske singellista, og songen fekk heller ikkje poeng frå den norske juryen i Eurovision Song Contest.

Eurovision Song Contest Songen er komponert av den italienske musikaren Toto Cutugno, som tidlegare hadde gjort suksess med singelen «L'Italiano» i 1983 og ei rekkje deltakingar i den italienske Sanremo-festivalen. Den italienske kringkastaren Rai valde Cutugno til å representere Italia i Eurovision Song Contest i Zagreb laurdag 5. mai. Cutugno hadde skrive både tekst og melodi til «Insieme: 1992».

I den internasjonale finalen var Italia det 19. landet på scena av 22 deltakarar. Med seg på scena hadde han fem støttevokalistar frå Slovenia, gruppa , som representerte Jugoslavia i 1975.

Røystinga vart ein tett kamp mellom Italia, Frankrike og Irland. Til slutt vann Italia med 149 poeng – 17 poeng framfor Irland og Frankrike på delt andreplass. Den norske juryen gav ingen poeng til «Insieme: 1992». Med det noverande poengsystemet har det berre skjedd to gongar til at Noreg ikkje har gjeve poeng til vinnarsongen: i 1983 og 2011.

Den spanande røystinga gjorde at ein svært nervøs og sveitt Cutugno måtte kaste vatn i andletet etter at sigeren var eit faktum. Det førte til at hårfargemiddelet byrja å renne og grisa til den kvite dressjakka hans, noko som var svært synleg under sigersrepetisjonen.

Teksten Tittelen viser til den europeiske integreringsprosessen og Maastricht-traktaten, som etter kvart førte fram til ein indre marknad og etableringa av Den europeiske unionen. Dette var planlagt å skje i 1992, men EU vart formelt oppretta først hausten 1993. I likskap med mange andre av deltakarlåtane i 1990 var «Insieme: 1992» ein song som uttrykte håp og framtidstru for Europa. Både det austerrikske, irske, tyske og det norske bidraget «» hadde Berlinmurens fall og framtidstru som tema.

Utgjevingar og sal Songen fekk ein moderat kommersiell suksess etter sigeren. Han kom inn på singellistene i fleire land og selde til sølv i Frankrike og gull i Sveits. «Insieme: 1992» kom likevel ikkje inn på den norske VG-lista. spelte inn ein norsk versjon av songen, kalla «Mot samme morgendag». skreiv den norske teksten, og produserte singelen.

Den slovenske gruppa , som representerte Jugoslavia i Eurovision Song Contest i 1975 og var støttevokalistar for Cutugno i 1990, gav ut ein slovensk versjon av songen, kalla «Evropa '92».

Listeplasseringar Liste (1990)HøgasteplasseringVekerpå listaDebutdato ()31710. juni 1990 , Flandern (Ultratop 30)892. juni 1990 (SNEP)91714. juli 1990 (AFI)121026. mai 1990 ()151019. mai 1990 ()21710. juni 1990 ()13204. juni 1990

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Non ho l’età» frå , den 13. februar 2026.

Kategori:Italienske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest-vinnarsongar Kategori:Eurovision Song Contest 1990-songar Kategori:Italienskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Festival della Canzone Italiana di Sanremo-songar