Per Sannerud () var ein norsk kombinertrennar frå Trondheim. Han vart noregsmeister 1948 i kombinert og sigra i same tevlinga ved Holmenkollrenna 1949. Sannerud var medlem i Selsbakk IF.

Sannerud gjekk til topps i kombinert-tevlinga under noregsmeisterskapen i Strinda i slutten av februar 1948, framom Ottar Gjermundshaug på andre- og Olaf Dufseth på tredjeplass. Vinteren 1949 la Sannerud beslag på sølvmedaljen ved Ski-NM 1949 på Steinkjer, før han vann kombinert i Holmenkollrenna framom den sterke finnen Heikki Hasu. Under Ski-VM 1950 i Lake Placid vart Sannerud nummer 4, slått av medaljevinnarane Hasu, Gjermundshaug og Simon Slåttvik. Seinare i sesongen vart Sannerud nummer 2 i Svenska skidspelen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Per Sannerud» frå , den 4. februar 2026.

Kategori:Norske kombinertløparar Kategori:Noregsmeistrar i kombinert Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett