Kaffebrenneriet er ei norsk kjede av kaffibarar.

Kjeda vart starta i 1994 av Thomas Pulpan og Steinar Paulsrud, og er inspirert av kaffibartradisjonane på den amerikanske vestkysten. Den første kaffibaren vart starta i eit tidlegare parfymeri på hjørnet av Thereses gate og Sporveisgata på Bislett. I 1999 kom Norgesgruppen inn på eigarsida då dei kjøpte 1/3 av aksjane. I år 2000 starta Kaffebrenneriet sitt eige bakeri, Kaffebakeriet, som leverer bakevarer og sjokolade til alle utsalsstadene.

I 2019 hadde selskapet 41 butikkar: 34 butikkar i Oslo, 4 i Akershus, 2 i Trondheim og 1 i Fredrikstad.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kaffebrenneriet» frå , den 21. januar 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Serveringsstader i Oslo Kategori:Næringsliv i Oslo Kategori:NorgesGruppen Kategori:Skipingar i 1994