José Luis Brown () var ein argentinsk fotballspelar som vart verdsmeister med Argentina i Fotball-VM 1986. Han var midtstoppar.
Karriere Klubbspel Brown spelte på storlaget Estudiantes frå 1975 til -83. Han skåra 17 mål då klubben vann metropolitano-serien i 1982 og nacional-serien i 1983. Etter to år i Colombia med Atlético Nacional, var Brown innom Boca Juniors og Deportivo Español i heimlandet. I 1986 skreiv han kontrakt med franske Stade Brest. 1987-89 gjorde han teneste i spanske Real Murcia i La Liga. Brown la opp seint i 1989.
Landslagsspel Brown fekk 36 landskampar for Argentina. Han debuterte i 1983 og deltok Copa América i 1983, 1987 og 1989. Han vart også teken ut til VM i fotball 1986, trass i at han lenge hadde slite med ein kneskade. I VM-turneringa i Mexico spelte han alle kampane. I sjølve finalen skåra han sitt einaste landslagsmål, då han etter frispark frå Jorge Burruchaga gav Argentina leiinga 1–0 med ei heading. På tampen av kampen gjekk ei av skuldrene hans ut av led, men han nekta å verte erstatta.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «José Luis Brown» frå , den 13. januar 2026.
Kategori:Argentinske fotballspelarar