mini|MS «Lofoten» kjem til Rørvik under Nærøysundbrua. Nærøysundet er eit sund i Nærøysund kommune i Ytter-Namdalen i Trøndelag. Sundet skil øyane Inner-Vikna og Lauvøya i vest frå Marøya, Nærøya, Kvingra og fastlandet i aust. Sundet er ein travel vassveg, sidan hovudfarleia langs kysten går gjennom det. I Nærøysundet har det vore trygge hamner for båtar som ventar på godt vêr før dei går over det opne havstykket Folda i sør. Straumen i sundet går nordover på stigande og sørover med fallande sjø. Rørvik, som ligg på vestsida av sundet, er den viktigaste fiskehamna ved Trøndelagskysten. Det finst òg industrikaiar på Marøya og Ottersøya på austsida. Det er vegsamband over Nærøysundet og Marøysundet med Nærøysundbrua og Marøybrua på Fylkesveg 770.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nærøysundet» frå , den 22. desember 2025.
Kategori:Geografi i Nærøysund