Selenidera er ei biologisk slekt med seks artar av små tukanar i tukanfamilien (Ramphastidae). Artane finst i låglandsregnskog under 1000 meters høgd i tropisk Sør-Amerika, med éin art òg i Sentral-Amerika.

Skildring

Alle artane har grøne oversider, raude underhaledekkjefjør og ein flekk med naken blå eller blågrøn hud rundt auget. I motsetnad til dei fleste andre tukanar er kjønna ulike i fargeteikning. Hannane har alle svart isse, nakke, strupe og bryst, samt ei oransje–gul øyreflekkstripe. Hjå hoene er dei svarte partia hos hannen hos dei fleste artane erstatta av djupt brun farge, og øyrestripa er redusert eller manglar heilt. Hoene hos éin art, guyanatukan, har grå underside og ein raudbrun nakkekrage, medan hoene hos ein annan art, brilletukan, liknar hannen bortsett frå brun isse og fråver av øyrestripe. Lydane er lågmelde og kvekkande. Dei fleste artane er relativt små tukanar med ei totallengd på 32–35 cm, men brilletukanen har vanlegvis ei lengd på om lag 38 cm.

Dei leitar oftast etter føde åleine eller i par, og lever hovudsakleg av frukt. Dette er jamt over stille og sky fuglar som vanlegvis held seg i tett vegetasjon. Reiret er ei hole i eit tre, som fuglane utvidar ved å grave med nebbet. Dei kvite egga vert ruga av begge foreldra.

Artsoversyn

Medlemmer av Selenidera i rekkjefølgje etter AviList v2025: med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:

Bilete Norsk namn Vitskapleg namn Kroppslengd og utbreiing Status 120px Brilletukan Selenidera spectabilis 36–38 cmlever i våte skogkledde habitat 300–1100 moh., frå nordaustre Honduras sørover til nordvestre Colombia samt ein liten isolert populasjon i Ecuador(LC)80px120px Guyanatukan Selenidera piperivora 33–35 cmaustlege Venezuela, guyanaregionen og nordlege Brasil, 800-900 moh.(LC)80px120px Raudnebbtukan Selenidera reinwardtii 33–35 cmlever i låglands fjellskog under 1000 moh. i fem land i vestre Amazonas(NE)80px120px Palettukan Selenidera nattereri 32–33 cmhabitat i skogkledd lågland, langs elvar og vassfar i grenseområda Colombia, Venezuela, Guyana, og store areal i nordvestlegaste Brasil, leveområdet er oppstykka(LC)80px120px Selenetukan Selenidera gouldii 33 cmsørlege del av regnskogen i Amazonas inn i nordlegste cerrado økoregionar frå atlanterhavskysten aust til inn i Bolivia, lever her i galleriskog (cerrado) og tropisk låglandsskog under 800 moh.(LC)80px120px Flekknebbtukan Selenidera maculirostris 33–37 cmatlanterhavsskogen i søraustre Brasil, Misionesprovinsen i Argentina og i sørlege Paraguay, opptil over 1000 moh.(LC)80px

Artsdanning i Selenidera mini|venstre|Utbreiing av seks artar av Selenidera per 1969. «S. maculirostris» svarer til populasjonen som i dag er anerkjend som S. gouldii, med «ekte» S. maculirostris (ikkje inkludert på dette kartet) som finst i atlanterhavsskogen i det austlege Sør-Amerika. Slekta Selenidera vart brukt av den tyske biologen Jürgen Haffer som døme på den såkalla «refugium-hypotesen» for artsdanning. Han foreslo at dei ulike artane utvikla seg frå ein felles stamart, der bestanden vart fragmentert då regnskogen trekte seg tilbake til dei mest fuktige områda under tørre klimaperiodar i pleistocen. Den opphavlege arten vart då delt opp i fleire artar i desse isolerte refugia. Då skogen seinare breidde seg ut att i ein meir fuktig periode, utvida utbreiingsområda til dei ulike artane seg til dei kom i kontakt med kvarandre, og danna eit komplementært utbreiingsmønster.

Refugium-hypotesen er noko omstridd, sidan det finst lite feltdata som klart kan stadfeste eller avkrefte henne. I alle høve er ho berre éi av fleire konkurrerande hypotesar som freistar å forklare det store biologiske mangfaldet i Amazonas. Kvar av desse kan i varierande grad forklare dei geografiske mønstera ein finn hos ulike grupper av organismar. I dette tilfellet er refugium-hypotesen truleg korrekt, sidan amazonske Selenidera-artar har utbreiingsområde som er sentrerte kring dei store elvesystema, og dei kan reknast som ein såkalla superspesies. Nokre andre fuglar frå regionen har derimot søsterartar som er skilde av dei store elvane, som då tydeleg har fungert som naturlege barrierar for genflyt. Om ein refugium-modell eller ein barriermodell best forklarer utbreiinga av superspesiar i Amazonasbassenget, ser difor ut til å vere direkte knytt til dyra si evne til å krysse store vassdrag. Sjølv hjå Selenidera-tukanane, som sjølv om dei i hovudsak er stadbundne, i prinsippet kan spreie seg over større område, har Amazonaselva vore ei barriere som har vore for brei til å kunne kryssast i tilstrekkeleg tal til å hindre artsdanning.

Kjelder

Denne artikkelen byggjer dels på «Selenidera» frå , den 19. desember 2025

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tukanfamilien Kategori:Fugleslekter