«Tavo akys» (norsk omsetjing ‘Augo dine’) er ein song av det litauiske alternativrockbandet Katarsis. Songen blei skriven av Lukas Radzevičius og produsert av Jurgis Masilionis. Songen blei gjeven ut 31. januar 2025 og var det litausike bidraget i Eurovision Song Contest 2025.
Eurovision Song Contest 2025 Eurovizija.LT 2025 Den 11. desember 2024 blei Katarsis kunngjort som ein av 45 deltakarar i songkonkurransen Eurovizija.LT 2025 med songen «Tavo akys». Den 1. februar 2025 kvalifiserte songen seg vidare frå sin semifinale og gjekk til finalen to veker seinare. I finalen var «Tavo akys» blant dei tre beste bidraga hos både jury og publikum, og gjekk videre til superfinalen, der TV-sjåarane kåra han til vinnar – og dimed til å vere det litauiske bidraget i Eurovision Song Contest 2025.
I Eurovision Song Contest Under trekkinga av semifinalane den 28. januar 2025 vart Litauen trekt ut til å delta i den andre semifinalen, der dei opptredde i den første halvdelen av showet. Etter å ha kome på sjetteplass i semifinalen kvalifiserte Litauen seg til finalen. Der enda songen på 16. plass med 96 poeng.
Listeplasseringar + Chart performance for "Tavo akys" Liste (2025) Høgasteplassering Hellas International (IFPI) 43 Latvia (LaIPA) 5 Litauen (AGATA) 1 Litauen (AGATA) 40 Litauen Airplay (TopHit) 90
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tavo akys» frå , den 11. desember 2025.
Kategori:Litauiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-songar Kategori:Litauiskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Songar frå 2025