Marko Bošnjak () er ein bosnisk-kroatisk songar og låtskrivar. Han blei kjend etter å ha vunne den andre sesongen av det serbiske talentprogrammet Pinkove Zvezdice. Han representerte Kroatia i Eurovision Song Contest 2025 med songen «Poison Cake».

Bakgrunn Bošnjak vart fødd i den hercegovinske byen Mostar og vaks opp i tettstaden Prozor. Sidan han var fem år gammal, song han i eit kyrkjekor etter at mora tvinga dei eldre systrene hans til å ta han med. Allereie i den alderen vann han festivalen Djeca Pjevaju Isusu (Born syng til Jesus). Då han var 11 år, melde Bošnjak seg på det serbiske talentshowet Pinkove Zvezdice, trass i faren sine innvendingar på grunn av den lange reisevegen.

Bošnjak var eit offer for mobbing på skulen i Prozor-Rama fordi han var «annleis» enn andre barn på hans alder, noko som fekk han til å endre miljø og til slutt flytte til Zagreb i Kroatia. Då han flytta til Zagreb, jobba han i ulike jobbar, som nattklubbar, kundestøtte hos LELO og på KFC i Črnomerec. Tilståinga hans om jobben på KFC i april 2023 gjekk viralt, ettersom han allereie på det tidspunktet hadde vorte kjend. Han slutta i KFC månaden etter for å satse fullt på musikken, sjølv om han uttrykte si forvirring til Story.hr: «Alt det der ['styret'] overraska også meg, for eg veit ikkje når det vart flaut å arbeide.»

Musikalsk karriere

I 2015 deltok Bošnjak i den andre sesongen av det serbiske talentprogrammet Pinkove Zvezdice. I sin første framføring framførte han Jennifer Hudson sin song «One Night Only». Alle dei fem dommarane – , , , og – røysta han direkte vidare til neste runde. Ved sin andre framføring song han sin song «Kao moja mati» (Som min mor) og gjekk vidare. Den 6. januar 2016 framførte han sin song «Što te nema» (Kvifor er du ikkje her). I neste episode, 8. april 2016, song han Adele sin song «Don’t You Remember». I finalen framførte han igjen «Što te nema» – og vann konkurransen.

Den 17. desember 2021 blei Bošnjak kunngjort som ein av fjorten deltakarar i Dora 2022, den kroatiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2022, med songen «Moli za nas» (Be for oss). Etter avrøystinga var gjennomført, hadde han fått 179 poeng og enda på andreplass av 14 deltakarar. «Moli za nas» blei offisielt gjeven ut 10. februar 2022 som Bošnjak sitt debutsingle. Den 27. april 2022 blei det annonsert at han skulle delta i den 62. utgåva av Split-festivalen med songen «Pjesma za kraj» (Song for slutten). Tidlig i 2023 ga han ut sin tredje singel, «Spokojan» (Roleg), etterfølgd av «Nema» (Det finns ikkje) 14. april same år.

I juni 2024 opptredde Bošnjak på Zagreb Pride. I september 2024 song han under eit velgjerdsarrangement for Gaza på Zagreb-klubben Močvara, der inntektene blei donerte til UNRWA.

Den 5. desember 2024 blei Bošnjak kunngjord som ein av 24 deltakarar i Dora 2025 med låten «Poison Cake». Den 24. februar 2025 blei det også kjend at han skulle delta i den niande sesongen av det kroatiske TV-programmet Tvoje lice zvuči poznato (Den kroatiske versjonen av {Your Face Sounds Familiar). Den 2. mars 2025 vann Bošnjak Dora, og fekk dimed representere Kroatia i Eurovision Song Contest 2025 i Basel, Sveits. Etter sigeren i Dora blei det 18. mars kunngjort at han ikkje lenger ville delta i Tvoje lice zvuči poznato frå og med episode 8. På dette tidspunktet var det berre sendt to episodar. Den 13. mai 2025 opptredde Bošnjak i den første semifinalen i Eurovision Song Contest 2025. Der enda han på tolvteplass, med 28 poeng, og gjekk ikkje vidare til finalen.

Privatliv Bošnjak stod fram som homofil i 2024, noko som førte til utbreidt homofobisk hets på nettet etter sigeren i Dora året etter. Den 30. mars 2025 var Bošnjak gjest på talkshowet Nedjeljom u dva, der han blant anna snakka om hetsen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Marko Bošnjak» frå , den 3. desember 2025.

Kategori:Bosniske songarar Kategori:Kroatiske songarar Kategori:Kroatiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Kroatiske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-låtskrivarar