Portugisisk Angola var ein koloni i det portugisiske imperiet i Sørvest-Afrika frå 1575 til 1951. Det utgjorde den oversjøiske provinsen Portugisisk Vest-Afrika av Estado Novo-styret i Portugal (1951-1972), og staten Angola i Det portugisiske riket (1972-1975). Folkerepublikken Angola, seinare Republikken Angola, blei sjølvstendig i 1975. Brasil var det fyrste landet som anerkjende angolansk sjølvstande.

På 1500- og 1600-talet hadde Portugal hatt makt langs kysten og tatt del i militære konfliktar med Kongoriket, men på 1700-talet klarte portugisarane gradvis å kolonisera dei indre høglanda. Andre politiske einingar i regionen inkluderte Kongeriket Ndongo, Kongeriket Lunda og Kongeriket Mbunda. Portugisarane fekk fyrst full kontroll over heile området på byrjinga av 1900-talet, då avtalar med andre europeiske stormakter under kappløpet om Afrika fastsette dei indre grensene til kolonien.

Historie Historia om portugisisk nærvær på territoriet til Angola varte frå utforskaren Diogo Cão kom til området i 1484 til avkoloniseringa av territoriet i november 1975. I løpet av dei fem hundreåra var det fleire ulike situasjonar i tilhøva.

Koloni, 1575-1951 mini|Skisse av Luanda (då kalla São Paulo) og São Tome frå 1641. mini|Dronning Nzinga i fredsforhandlingar med den portugisiske guvernøren i Luanda, 1657. Då Diogo Cão og andre utforskarar i 1484 kom til Kongoriket på slutten av 1500-talet, budde det ei rekkje ulike folkeslag i det nordlege territoriet. Nokre av desse var organiserte som kongerike eller stammeføderasjonar i ulike storlekar. Portugisarane var interesserte i handel, særleg i slavehandel. Dei opprettheldt derfor eit fredeleg og gjensidig gunstig forhold med styresmakane og adelsmennene i Kongoriket. Lokale kongar som João I og Afonso I følgde kristendomen og lærte seg portugisisk, kristna landet sitt og tok del i vinsten frå slavehandelen. Portugisarane etablerte små handelsstader i nedre delar av Kongoelva, i området til dagens Demokratiske republikken Kongo. Ein viktigare handelsbusetnad ved Atlanterhavet blei bygd i Soyo i Kongoriket. Dette er no den nordlegaste byen i Angola, bortsett frå den angolanske Cabinda-eksklaven.

I 1575 grunnla portugisarane busetnaden Luanda ved kysten sør for Kongoriket. På 1700-talet blei Benguela skipa endå lengre sør. Mellom 1580 og 1820-talet blei over ein million menneske frå Angola frakta som slavar til Den nye verda, hovudsakleg til Brasil, men òg til Nord-Amerika.Joseph C. Miller, Way of Death: Merchant Capitalism and the Angolan Slave Trade, 1730–1830, Madison: University of Wisconsin Press, 1988 Ifølge Oliver og Atmore «utvikla Angola seg i det vesentlege som ei gigantisk slavehandelverksemd over 200 år».Medieval Africa, 1250–1800 (pp174) By Roland Anthony Oliver, Anthony Atmore Angola var tett knytt til Brasil, både økonomisk og sosialt, gjennom den transatlantiske slavehandelen. I Luanda utvikla det seg ein elite av mestiçoar (folk av blanda opphav) tidleg på 1600-talet, og den viktigaste kjelda til rikdom var å støtta opp om kjøp av afrikanarar frå det indre av det som no er Angola og Den demokratiske republikken Kongo for å senda dei som slavar til Brasil. Størstedelen av slavane blei tekne til fange av andre afrikanarar, vanlegvis i krigar og/eller raid, og selde til kjøparar i Luanda. Portugisiske sjøfolk, utforskarar, soldatar og handelsmenn hadde ein langvarig politikk med å erobra og oppretta militære og handelspostar i Afrika frå erobringa av muslimsk-styrte Ceuta i 1415 og etableringa av baser i det noverande Marokko og Guineabukta. Portugisarar var katolikkar, og dei militære ekspedisjonane deira inkluderte frå byrjinga konvertering av utlendingar til trua.

mini|Angolansk frimerke frå 1948 til minne om Fortaleza de Massangano, grunnlagt i 1648.

Angola blei styrt på særs militaristisk vis. Kvar einaste kaptain-general (kalla guvernør-general frå 1836) for kolonien var ein aktiv offiser i hæren eller marinen.

Det var typisk rundt 2000 europeiske soldatar frå den portugisiske hæren i Angola på eitkvart tidspunkt frå 1600-talet til innpå 1900-talet. Portugisiske styrkar blei støtta av såkalla guerra preta (‘svart krig’) av afrikanske troppar som telde mellom 5 000 og 20 000. Guerra preta blei skipa av lojale afrikanske høvdingar, og blei til tider forsynt med uniformer og lønningar. Teneste i Angola var ikkje omtykt i den portugisiske hæren,og det var sjeldent for ein fyrsteklasses offiser å bli stasjonert i Angola. Det var fyrst i dei siste innvinningskampanjene mellom 1890 og 1920 at offiserar rekna som fyrsteklasses offiserar blei stasjonerte i Angola på ein regelmessig basis, og før dette blei Angola sett på som det staden der offiserar av andre klasse som ikkje var eigna til forfremjing blei sende til. Dei fleste av dei portugisiske troppane i Angola var degredados (kriminelle som blei sende til Angola for å bøta på problemene med overfylt fengsel), desertørar som òg blei sende til Angola som straff, og ulike eventyrarar. Lønningane for tenesta i Angola var dei same som i Portugal, som ikkje inspirerte mange til å arbeida frivillig i Angola. Teneste i Angola var særs upopulær ettersom levekostnadene var dobbelt så store der som i Portugal; dødsraten frå sjukdomar var svært høg; mange av soldatane følte seg isolerte ute i villmarka; og det blei ofte klaga over at afrikarane ikkje tok imot portugisarar med velvilje.

På 1700-talet førte motstridende økonomiske interesser til ein militær konfrontasjon med Kongoriket. Portugisarane overvann Kongoriket i Slaget ved Mbwila den 29. oktober 1665, men fekk eit katastrofalt nederlag ved Slaget ved Kitombo, då dei prøvde å invadera Kongo i 1670. Portugal fekk kontroll over mesteparten av det sentrale høglandet blei oppnådd på 1700-talet. Det blei gjort vidare forsøk på å erobra interiøret på 1800-talet.René Pélissier, Les guerres grises. Men det blei ikkje oppnådd full portugisisk administrativ kontroll over heile området før i byrjinga av 1900-talet.

Etterkvart som kolonien strekte seg inn i det indre av regionen gjekk det føre seg ei vesenleg blanding mellom afrikarar og portugisiske busetjarar. Dei skapte afro-portugisiske samfunn kjende som ambaquista (eller mbakista), oppkalla etter byen Mbaka som blei grunnlagd i 1618.

1800-talet mini|Unge slavekvinner i Luanda kring 1897. mini|Gate i Luanda i 1899. Avskaffinga av den transatlantiske slavehandelen på 1800-talet skadde Angola økonomisk. Mestiço-eliten som var blitt rik på slavehandelen såg eit alvorleg fall i den sosiale statusen sin då den viktigaste inntektskjelda deira ikkje eksisterte lenger. Det var fyrst på 1800-talet med «kappløpet om Afrika» at portugisarar byrja å presse alvorleg inn i regionar i det indre av Angola som dei hadde ignorert fram til då, stort sett av frykt for at andre europeiske styrkjer kunne annektera dette landet før Portugal gjorde det.

I 1884 gjekk Storbritannia, som fram til då hadde nekta å anerkjenna at Portugal hadde territoriale rettar nord for Ambriz, med på ein avtale som anerkjende portugisisk suverenitet over begge breiddene av Kongo. Men traktaten, som møtte motstand der og i Tyskland, blei ikkje ratifisert. Avtalar som blei inngått med Fristaten Kongo, Det tyske riket og Frankrike i 1885-1886 fastsette grenser for provinsen, med unntak av i søraust, der grensa mellom Barotseland (Nordves-Rhodesia) og Angola blei fastsett gjennom den anglo-portugisiske traktaten av 1891 og skilsdommen til kong Viktor Emmanuel III av Italia i 1905.

Under det portugisiske kolonistyret i Angola blei det grunnlagt byar, småbyar og handelsstader, opna jernbanar (der Benguelabanen er særleg viktig), bygd hamner og gradvis utvikla eit vestleggjort samfunn. Portugisarar viste til ambaquistaene for å rettferdiggjera koloniale krav i tråd med «siviliseringsoppdraget» sitt. I 1908 blei det innført ein «innfødd-skatt» for å tvinga angolanarane til å bli del av den kapitalistiske pengeøkonomien og auka inntektene til styresmakta. Det blei innført fleire former for tvangsarbeid, den strengaste av desse var at afrikanarar blei sende til Sao Tome eller Principe for å arbeida på plantasjar som få kom tilbake frå. Lokale administratorar tvinga folk til å arbeida med å byggja jernbanar og bygningar. Så seint som i 1954 blei det anslått at over 300 000 angolanarar arbeidde under tvangsarbeid. Det blei ikkje avskaffa før i 1962.

1900-talet På 1930-talet rekna portugisarane med at det fanst rundt 5000 mucubalfolk, ei halvnomadisk gjetargruppe som heldt til i eit område på storleik med to tredelar av Portugal. Mellom 1939 og 1943 dreiv den portugisiske hæren operasjonar mot mucubalfolk, som dei skulda for opprør og kvegtjuveri, og hundrevis av mucubalfolk blei drepne. Under kampanjen blei det teke til fange 3 529 folk, 20 % av dei kvinner og born, og fengsla i konsentrasjonsleirar. Mange døydde i fangenskapet på grunn av underernæring, vald og tvangsarbeid. Om lag 600 blei sende til Sao Tome og Principe. Hundre blei òg sende til ein leir i Damba, der 26 % døydde.

mini|Religiøs prosesjon i Conda på 1970-talrt.