Frederick Jay Ramsdell () er ein amerikansk immunolog som arbeider ved Sonoma Biotherapeutics i San Francisco, California. I 2025 vart han tildelt Nobelprisen i fysiologi eller medisin saman med to andre, for arbeidet sitt med perifer immunologisk toleranse.
Utdanning og karriere Ramsdell vart fødd i 1960 i Elmhurst, Illinois.
Ramsdell tok ein bachelorgrad i biokjemi og cellebiologi ved i 1983, og ein doktorgrad (Ph.D.) i mikrobiologi og immunologi ved University of California, Los Angeles i 1987.
Han har arbeidd ved ZymoGenetics, og har vore sjefsforskar (Chief Scientific Officer) ved Sonoma Biotherapeutics.
Utmerkingar og prisar I 2017 fekk Ramsdell, saman med Shimon Sakaguchi og Alexander Rudensky, Crafoordprisen for forsking på leddgikt (polyartritt). Dei vart heidra for oppdaginga av dei regulatoriske T-cellene, som motverkar skadande immunresponsar ved leddgikt og andre autoimmune sjukdomar.
I 2025 vart Ramsdell tildelt Nobelprisen i fysiologi eller medisin saman med Sakaguchi og Mary E. Brunkow. Då tildelinga vart kunngjord, var han ute på fjelltur utan mobildekning i Idaho og kunne ikkje kontaktast.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fred Ramsdell» frå , den 7. oktober 2025.
Bakgrunnsstoff
Kategori:USA-amerikanske immunologar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Nobelprisen i medisin Kategori:Folk frå Illinois