Leucophaeus er ei biologisk slekt av fire mellomstore måsar og ein mindre art, franklinmåse. Alle lever i «den nye verda», og dei fleste er mørke i fjørdrakta, vanlegvis med kvite halvringar over og under auga. Dei vart plasserte i slekta Larus inntil nyleg. Slektsnavnet Leucophaeus kjem frå gammalgresk leukos, «kvit», og phaios, «mørk».

Lavamåsen, som lever ved Galápagosøyane, er på raudlista i kategorien sårbar, VU. Dei andre artane er vurderte som livskraftige.

Artslista Medlemmer av Leucophaeus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List v15.1, 2025, med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler. Bilete Norsk namn Vitskapleg namn Utbreiing Utbreiingskart120pxØrkenmåseLeucophaeus modestusLever langs kystar av sørlegaste Ecuador, langs Peru og Chile, hekkar i ørkenen i nordlegaste Chile80px120pxMagellanmåseLeucophaeus scoresbiiLever langs kysten av sørlegaste Sør-Amerika frå omtrent Chiloéøya til Punta Tombo i Chubutprovinsen, Argentina dessutan ved Falklandsøyane80px120pxLattermåseLeucophaeus atricillaStillehavskysten frå Californiahalvøya til nordlege Chile og vestover til Galápagosøyane, over store delar av Mexico, Karibia sør til kysten av nordlege Brasil. Hekkar langs atlanterhavskysten av USA, kysten av Mexicogolfen, Karibia og i Californiabukta80px120pxFranklinmåseLeucophaeus pipixcanHekkar i det indre Canada: Alberta, Saskatchewan og Manitoba, dessutan i USA (Montana og Dakota), overvintrar langs stillehavskysten av Sør-Amerika frå Ecuador til omtrent Chiloéøya i Chile, dessutan fåtalig i sentrale Argentina80px120pxLavamåseLeucophaeus fuliginosusEndemisk for Galápagosøyane80px

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Leucophaeus» frå , den 4. oktober 2025

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Måsefamilien Kategori:Fuglar i den nearktiske regionen Kategori:Fuglar i den neotropiske regionen Kategori:Fugleslekter