Stillits (Carduelis carduelis) er ein art i finkefamilien (Fringillidae) og éin av tre artar i slekta stillitsar (Carduelis). Arten finst i det meste av Europa og er relativt talrik austover til Kaspihavet, medan den blir meir sparsam lenger mot aust. Arten er livskraftig ifølge IUCNs raudliste, men han er sterkt truga av krypskyttarverksemd i det nordvestre Afrika (spesielt i vestre Maghreb). I Noreg hekkar han hovudsakleg på Austlandet. Reiret vert ofte plassert i hagar og parkar. Det er godt kamuflert, ofte høgt i eit tre. Stillits kan leggja egg frå byrjinga av mai til godt ut i juli.

Taksonomi Stillits består som 12 underartar, fordelt i to distinkte klader. Nokre vel å dele disse kladene i to sjølvstendige artar; stillits og auststillits . Det er ikkje semje om denne delinga.

C. c. loudoni blei tidlegare kalla C. c. brevirostris, medan C. c. major tidlegare blei kalla C. c. frigoris.

Biologi miniatyr|venstre|C. c. caniceps skil seg frå nominatforma gjennom ei gjennomgåande mørkare fjørdrakt

Stillits er liten til mellomstor i storleik. Veststillitsar blir cirka lange og veg typisk kring , unnatatt ssp. major som typisk veg kring , medan auststillitsar gjerne blir cirka lange og veg typisk kring .

Fjørdrakta har stor fargeprakt, med innslag av ulike gråtonar, bleikbrunt, raudt, sitrongult, svart og kvitt. Når den i tillegg er ein flink songar, er det ikkje rart at den er populær i Mellom-Europa – diverre så populær at den blir fanga og sett i bur. I forrige hundreåret var den så etterspurd som burfugl i England at det vart dreve regulær fuglehandel, og opptil 132 000 stillitsar vart fanga på eitt år.

Her i landet er stillitsen ein mindre vanleg fugl og blir mest sett om hausten og vinteren. Den streifer då omkring i små flokkar, gjerne i tettbygde stråk, og besøker byløkker og andre opne stader der det veks borre, tistel og andre høge korgplantar. Frø av slike ugrasplantar som stikk opp over snøen, som tistel, borre, høymol og andre høge ugrasplantar, er den viktigaste vinterføda til stillitsen, men òg litt bjørkefrø og insekt inngår i kosten. Fuglen er tillitsfull og lar seg ofte betrakte på nært hald. Vår og sommar er han relativt sjeldan å sjå. Han hekkar årleg fleire stader rundt Oslofjorden, og det er òg funne reir på Jæren og Lista.

Det pussige namnet har stillitsen fått på grunn av lokketonane, som ofte blitt gjengitt som «stiglitt». No er ei bokstaveleg attgjeving av fuglelåtar vanskeleg, og somme fuglebøker gjengir lokketonane som «pu-ppupi-pupipupi». Varselropet er eit mjukt «ææi». Songen er ei ganske vakker, flytande kvitring som minner om kanarifugltriller, oppblanda med variantar av lokkeropet. Både hannen og hoa syng.

I Noreg hekkar arten hovudsakleg kring Oslofjorden på Austlandet og, om enn meir sparsamt, i eit breitt belte rundt kysten opp til Trøndelag, der den er mest talrik i områda mellom Trondheim, Stjørdal, Levanger, Ørland og Hitra, og på øya Grip utanfor Kristiansund. Streifflokkar er å sjå særleg haust og vinter i låglandet over det meste av Sør-Noreg, men fuglen er meir sjeldan over Hardangervidda. Nordover frå Trøndelag blir han gradvis meir uvanlig, men ifølge Artsdatabanken er han observert heile vegen nordover til russegrensa. Han er dels stand- og streiffugl, men nokre individ trekk sørover til kontinentet om vinteren.

Reiret blir ofte plassert i hagar og parkar. Hoa bygger eit vakkert reir av frødun, røter, gras, mose og hår. Det er godt kamuflert, ofte høgt i eit tre. Stillitsen kan legge egg frå starten av mai til godt ut i juli, 4–6 egg som er blåkvite med brunlege flekkar som blir ruga av hoa i cirka 13 dagar. Hannen bringer mat, ungane blir fôra med oppgulp og flyg etter cirka 16 dagar.

Stillitsen i kulturell samanheng Stillitsen er nytta av ei rekke kunstnarar i ulike samanhengar. Antonio Vivaldi skreiv Konsert i D-dur for fløyte med tilnamnet «Il Gardellino» (italiensk for stillits), der fløyta etterliknar songen frå fuglen. Carel Fabritius måla eit bilete av ein stillits i 1654, og dette bilete spelar ei viktig rolle i romanen Stillitsen (2013) av Donna Tartt.

Inndeling Inndelinga og rekkefølgja hennar følger Birds of the World og er i samsvar med Clement, del Hoyo, Collar & Kirwan (2020) (2020). Norske namn på artane følgjer Norsk namnekomité for fugl og er i samsvar med Syvertsen et al. (2008). Namn og skildringar i parentes er ikkje offisielle namn, men berre mellombels til offisielle namn vert fastsett.

Passeriformes, sporvefuglar Passeri, songfuglar Passerida Passeroidea Fringillidae, finkefamilien Fringillinae, (sanne finkar) Euphoniinae, (neotropisfinkar) Carduelinae, (stillitsfinkar) Coccothraustini, (kjernebitarfinkar) Drepanidini, (hawaiifinkar) Carpodacini, rosenfinkar Pyrrhulini, (dompapar og nære slektningar) Carduelini, (stillitsar og nære slektningar) Haemorhous Rhodospiza Rhynchostruthus Chloris Linurgus Crithagra Linaria Acanthis Loxia, krossnebbar Chrysocorythus Carduelis, stillitsar C. carduelis, stillits klade carduelis (veststillitsar) C. c. britannica, Dei britiske øyane, Nordvest-Frankrike og Nederland C. c. carduelis (nominatformen), Sør-Skandinavia og Søraust-Finland austover til Ural og sørover til Frankrike, Italia, Slovenia, Romania, Moldova, nordlege Ukraina og Midt-Volga C. c. parva, Madeira og Kanariøyane, Iberia, Sør-Frankrike, Balearane, Marokko til Libya C. c. tschusii, Korsika, Sardinia og Sicilia' C. c. balcanica, fra Balkan til Hellas, Kreta og Tyrkia C. c. niediecki, Rhodos, Tyrkia, Kaukasus, Kypros, Libanon, Israel, Sørvest-Iran Egypt (Nildeltaet og Nildalen) og Nord-Irak C. c. colchica, Krimhalvøya og Kaukasus C. c. loudoni, Øst-Tyrkia, Aserbajdsjan og Nord-Iran C. c. major, fra Aust-Ural og austover i Sibir til Jenisej og sørover til Altajfjella og Kasakhstan klade caniceps (auststillitsar, av og til rekna som ein sjølvstendig art) C. c. paropanisi, Turkmenistan og Nordøst-Iran austover til Afghanistan, Pamir, Tien Shan, Kasakhstan og Xinjiang i Kina C. c. subulata, Aust-Tyrkia, Aserbajdsjan og Nord-Iran C. c. caniceps, Pakistan, Kasjmir, Nordvest-Himalaya austover til det sentrale Nepal og Xizang i Kina C. citrinella (monotypisk), sitronirisk C. corsicana (monotypisk), korsikairisk Serinus, (iriskar) Spinus, (sisikar)

Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Stillits» frå , den 30. januar 2022. Delar av denne artikkelen bygger på «Stillits» frå , den 30. januar 2022. Referansar

Bakgrunnsstoff

Norsk ornitologisk forening om stillits

Kategori:Finkefamilien Kategori:Fuglar i Noreg