Riley B. King (), internasjonalt kjend som B.B. King, var ein USA-amerikansk bluesgitarist, songar og låtskrivar. B.B. King blir rekna som ein av dei største artistane innom bluesen og er kjent for å saman med gitaristen Lucille Gibson turnere mykje og ofte. Kings mest berømte låt er «The Thrill is gone».

B.B. King er ein av dei mest kjente bluesgitaristane i verda. King blir saman med Muddy Waters rekna som mellom dei mest stilbyggande bluesmusikarane og har påverka ei mengde seinare rockemusikarar som Eric Clapton og Jimi Hendrix.

Liv King vart fødd i Itta Bann i Mississippi, men flytta til Indianola etter kvart. Då han var liten lærte han seg å synge gospel. Presten lærte han å spele dei første gitarakkordar. Og han lærte meir av omreisande bluesgitarisar.

I ungdomen jobba han som gardsarbeidar og traktorførar. Og kvar einaste helg spelte han på lokale bluesbarar. Han og mora voks opp hos ein kvit plantasjeeigar, King elska å bruke tida sin saman med mora og bestemora. Etter mora døydde fekk han god kontakt med faren.

Gjennombrotet til King skjedde i 1949. Då spelte han inn fire låtar, men ingen av dei gjorde særleg stort inntrykk på afroamerikanske publikum. Men i 1951 hamna han i Sam Philips legendariske Sun Studio i Memphis. Ei av låtane hans, «Three O'Clock blues», førte til det store gjennombrotet. Låten låg på r&b-lista i 17 veker.

Musikktidsskriftet Rolling Stone rangerte i 2003 B.B. King som den tredje største gitaristen genom tidene.Rolling Stone, «The 100 Greatest Guitarists Of All Time»

Kjelder

King, BB King, BB Kategori:Folk frå Mississippi Kategori:Afroamerikanske musikarar Kategori:Grammy-vinnarar

Kategori:Hollywood Walk of Fame