Grethe Mathisen () er ein norsk symjar frå Kirkenes som vart nordisk meister på 100 meter fri i 1971 og 1973. Ho var medlem i Kirkenes Svømmeklubb.
Mathisen vann gullmedaljen på 100 meter fri i noregsmeisterskapen åra 1970 og 1973. Åra 1971, 1972 og 1973 vart ho i tillegg tildelt kongepokal for beste kvinnelege prestasjon i respektive meisterskap. Under Nordisk meisterskap i symjing 1971 la ho beslag på gullmedaljen på 100 m fri, to år seinare forsvarte ho meistertittelen på distansen ved den nordiske meisterskapen i Oslo. Mathisen deltok i Sommar-OL 1972 der ho vart slått ut i forsøka med 18. beste tid på 100 meter fri.
Mathisen vart i 1971 tildelt Porsgrund Porselænsfabriks ærespris for kvinner.
Kjelder
Store norske leksikon svk.no
Kategori:Norske symjarar Kategori:Folk frå Sør-Varanger