Jón Helgason () var ein islandsk litteraturhistorikar og diktar.

Jón Helgason var fødd på garden Rauðsgil i Borgarbyggð vest på Island. Han drog til København for å studera litteratur, og blei cand.mag. i 1923. Han tok doktorgraden ved Islands universitet i 1926. I 1927 blei han utnemnd til direktør for dei litteraturvitskaplege samlingane ved Den arnamagneanske samling. Han var i denne stillinga heilt til 1971, og stod for ei lang rekkje utgjevingar av gammalislandske kjeldeskrifter. Frå 1929 til 1970 var han også professor ved Københavns Universitet.

Samtidig offentleggjorde han eigne dikt. Den fyrste samlinga hans, Úr landsuðri, kom ut i 1939 og blei godt motteken.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jón Helgason» frå , den 16. juli 2025.

Kategori:Danske professorar Kategori:Islendingar