Dee Dee Sharp (, opphavleg Dione LaRue) er ein amerikansk songar frå Philadelphia.
Sharp byrja karrieren i musikkbransjen i 1961 som bakgrunnssongar. Den fyrste suksessen hennar var «Slow Twistin'» i 1962, som var ein duett saman med Chubby Checker. Same år kom den største suksessen hennar, «Mashed Potato Time» ut, og nådde andreplassen på Billboard Hot 100-lista. Dei etterfølgjande singlane «Gravy (For My Mashed Potatoes)», «Wild!» og «Do the Bird» var ganske vellukka, men etter å ha gjeve ut «I Really Love You» i 1965 hadde ho ikkje nokon kommersiell suksess på resten av 1960-talet. På slutten av 1970-talet spelte ho inn for plateselskapet Philadelphia International, og fekk ein viss suksess med nokre songar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dee Dee Sharp» frå , den 10. juli 2025.
Kategori:USA-amerikanske soulsongarar Kategori:Rhythm and blues Kategori:Folk frå Philadelphia Kategori:Afroamerikanske songarar Kategori:Songarar frå 1900-talet