Jens Holst Crøger () var ein norsk skipper og losoldermann frå Stavern i dagens Vestfold, busett i Holmestrand.

Crøger var son til ein prest. Sjølv vart han sjømann, skipsførar frå ung alder. Han var gift og busett i Holmestrand. Ved stortingsvalet på rådhuset i Holmestrand 9. oktober 1847 vart han kåra, einstemmig med 3 røyster, til å representere kjøpstaden i 1848-Stortinget. På Tinget var han medlem i Tollkomiteen. Frå 1851 var Crøger losoldermann og hamnefut i Holmestrand.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Holmestrandsposten, 9. oktober 1847 Holmestrandsposten, 7. oktober 1851

Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Norske skipsførarar Kategori:Folk frå Holmestrand