Kayleigh Rose Amstutz (), kjend som Chappell Roan er ein amerikansk songar og låtskrivar. Ho er kjend for ein estetikk påverka av camp og drag. Debut EP-en hennar School Nights (2017), blei utgjeven av Atlantic Records. Etter at han ikkje fekk kommersiell suksess blei ho droppa av platemerket. Debutalbumet hennar The Rise and Fall of a Midwest Princess (2023) kom ut på Island Records og fekk gode meldingar. Albumet fekk kultstatus og blei etterkvart ein hitt.

Roan blei kjend i 2024 med singelen «Good Luck, Babe!», som nådde fjerdeplassen på den amerikanske topplista Billboard Hot 100 og blei ein global topp fem-singel. Han var ein katalysator for suksessen til debutalbumet hennar, som til slutt toppa listene i Storbritannia, Irland og New Zealand og nådde andreplassen på den amerikanske Billboard 200. Fleire spor frå albumet kom inn på ulike lister, mellom anna «Hot to Go!» og «Pink Pony Club», som begge kom inn i topp fem i Storbritannia. På den 67. grammyprisutdelinga i 2025 blei Roan nominert til alle «Big Four»-prisane, og vann Best New Artist.

Bakgrunn Kayleigh Rose Amstutz blei fødd i Willard i Missouri i 1998 som den eldste av fire barn. Mor hennar, Kara (fødd Chappell), er veterinær; far hennar, Dwight Amstutz, var medlem i Navy Reserve, dreiv veterinærpraksisen til familien i Springfield i Missouri, og var tidlegare sjukepleiar. Onkelen hennar er delstatspolitikaren Darin Chappell.

Ho har skildra heimbyen og oppsedinga si som kristen og konservativ. I barndomen gjekk ho i kyrkja tre gonger i veka og var nokre sommar på kristne barneleirar. I eit intervju med Variety i 2023 sa ho at ho hadde det vanskeleg i ungdommen og ofte sneik seg ut: «Eg ville berre kjenna meg som ein god person, men eg hadde denne sida ved meg som så gjerne ville rømma.»

Roan byrja å spela piano då ho var 10 eller 11 år gammal, og byrja å få timar då ho var 12. Ho framførte offentleg for fyrste gong då ho var 13 og song «The Christmas Song» på ei talenttevling ved skulen sin, som ho vann. Då ho var rundt 14 år gammal var ho på audition for America's Got Talent, utan suksess. Då ho var 14 eller 15 år gamal byrja ho å lasta opp coverlåtar på YouTube, og fekk merksemd frå fleire plateselskap. Ho byrja å skriva songar då ho kom inn i tenåra. Ho gjekk ut eit år før vanleg frå Willard High School. Roan har sagt at ho mista mange barndomopplevingar i byrjinga av musikkkarrieren sin, inkludert skuleball og ein utgangsseremoni frå high school.

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Chappell Roan» frå , den 22. juni 2025.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Brit Award-vinnarar Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar