Arminius, også kjend som Armin eller (uhistorisk) som Hermann, (fødd 18/17 f.Kr., død 21 e.Kr.), var ein germansk høvding for cheruskarane som overvann ein romersk hær i slaget ved Teutoburgerskogen. Stammeforbundet hans mot Romarriket stansa forsøka til Germanicus, ein nevø av keisar Tiberius, på å erobra dei germanske områda aust for elva Rhinen, skjønt det er diskusjon blant historikarar om utgangen av fleire ikkje avgjerande slag.Tacitus: Annals 2.22Sveton: Caligula 1.4 Sjølv om Arminius ikkje klarte å sameina dei germanske stammane i enden, stansa sigeren hans i Teutoburgerskogen ekspansjonen til romarane aust for Rhinen, og hadde vidtrekkjande effekt både for dei germanske stammane, Romarriket og utviklinga av Europa.
Bakgrunn
Roma og germanarar før Arminius Julius Cæsar hadde den fyrste romerske kontakten med germanarane i åra 55 og 53 f.Kr. under gallarkrigane. Dei germanske stammane usipetarar, tenktarar og chattararCæsar: de bello Gallico IV, 1-19 hadde byrja ein invasjon i den galliske provinsen Belgia. Cæsar førte styrken sin over Rhinen i ei straffeforfølging av germanarane. Felttoget hans i Gallia fastsette den romerske yttergrensa til Rhinen.Cæsar: de bello Gallico VI, 11-28
Etter ein periode med internt opprør vest for Rhinen og enkelte trefningar over grensa, byrja ein ny fase i år 16 f.Kr., då germanarar aust for Rhinen kryssa over til vestsida. Dei overvann den romerske 5. legionen under kommando av Marcus Lollius og erobra ørna til legionen, symbolet deira. Keisar Augustus oppheldt seg i Gallia, Rhinland og Spania i år 16 f.Kr.–13 f.Kr., der han omorganiserte territoria og førebudde felttog.
I år 12 f.Kr. slo Augustus sin steson Drusus tilbake streiftog med sugambrarar og usipetarar vest for Rhinen, og kryssa deretter over Rhinen. Dette felttoget markerte starten på 28 år med felttog aust for den nedre delen av Rhinen. I år 11 f.Kr. leidde Drusus eit felttog aust for elva Weser, som den fyrste romerske hærføraren så langt aust i nordlege Europa. Dette stålsette germanarane til å organisera forsvarsstrategiar mot dei romerske angrepa. Den romerske historikaren Cassius Dio skreiv at dei romerske styrkane var offer for mange plagsame angrep på vegen tilbake, og var nær ved å bli utsletta.Cassius Dio: 54.33 I år 9 f.Kr. kryssa Drusus Weser og marsjerte fram mot elva Elben. Han døydde i dette felttoget i ei rideulukke.
Tiberius, som seinare blei romersk keisar etter Augustus, tok over kommandoen over styrkane ved Rhinen etter bror sin Drusus. Den romerske historikaren Velleius Paterculus, som var ein stor beundrar av Tiberius, beskreiv Germania frå Rhinen til Elben som ein romersk provins.Velleius Paterculus 2,108,1. Midt i dette området heldt cheruskarane til, ved elva Weser i det noverande Niedersachsen og Harz.
Biografi
Arminius i romersk teneste høgre|mini|350x350pk|Imperium Romanum, Romarriket og Magna Germania, germanske stammar, rundt år 9 e.Kr. Arminius var truleg fødd i år 18 eller 17 f.Kr. som son av ein cheruskisk krigshøvding som ein kjenner under det romerske namnet hans, Segimerus. Ein periode med fred følgde, og germanske leiarar gav barna sine til romarane som gislar for å sikra freden. Også Arminius og broren hans Flavus (latinsk for «den blonde») blei send til Italia for å få militær utdanning. Arminius blei trena som ein romersk militær kommandant og fekk romersk statsborgarskap og status som equites, noko som blir omsett til riddar, men hadde noko å seia lågadeleg – namnet equites viste til dei var rike nok til å stilla med hest i hæren. Deretter drog Arminius tilbake til Germania og dreiv romarane ut.
«Arminius» er truleg ein latinisert variant av det germanske namnet Irmin, som tydde «stor» (jf. stammen herminonarar). Eit anteke meir rett forslag er Erminameraz eller berre Erminaz. I løpet av den tyske reformasjonen, og særleg seinare under den tyske nasjonalismen på 1800-talet, blei Arminius brukt som symbol for det tyske folket og kampen deira mot Roma.W. Bradford Smith (2004): «German Pagan Antiquity in Lutheran Historical Thought». The Journal of the Historical Society 4 (3): 351–74. Det er i løpet av denne tida at namnet «Hermann» kom i bruk som eit tysk likeverdig namn til Arminius. Det er grunn til å tru at Martin Luther var den fyrste som likestilte desse to namna.Herbert W. Benario (April 2004): «Arminius into Hermann: History into Legend». Greece and Rome 51 (1): 83–94.
Slaget ved Teutoburgerskogen Ein gong rundt år 4 e.Kr. fekk Arminius kommandoen over ei lausriven avdeling av romerske leigesoldatar beståande av germanarar, hovudsakleg cheruskarar, som truleg hadde kjempa i krigane i Pannonia på Balkan. Han kom tilbake til nordlege Germania i år 7 eller 8. Då hadde romarane etablert sikker kontroll over områda rett aust for Rhinen langs elvane Lippe og Main, og søkte no å utvida herredømmet austover mot elvane Weser og Elben. Den romerske leiaren var senatoren og generalen Publius Quinctilius Varus, peika ut av Augustus som guvernør og stattholder. Arminius byrja snart å kalla saman ulike germanske stammar for å sameina dei i ein felles innsats mot at dei kom inn under Romarriket.
Våren år 9 la Arminius, som då var rundt 25 år gammal, seg saman med dei allierte germanske stammane sine (cheruskarar, marsarar, chattarar, bruktarar, chaukarar og sugambrarar) i bakhald og overfall ein romersk hær beståande av 17., 18 og 19 legion i tillegg til tre kavaleriavdelingar og seks kohortar av støttetroppar, totalt rundt 30 000 mann, 18 000 av dei romerske borgarar. Slaget har gått inn i historia som Slaget ved Teutoburgerskogen. Nyare arkeologiske funn har fastslått ein langvarig debatt om den nøyaktige staden for slaget som no med rimeleg tryggleik er fastslått å ha funne stad i nærleiken av Kalkriese, ei høgd i Niedersachsen, omtrent 20 km nord for Osnabrück.
I tre dagar bølgja slaget fram og tilbake. Heile den 30 000 mann store romerske hæren blei utsletta, og då nederlaget var sikkert, utførte Varus sjølvmord ved å kasta seg på sverdet sitt.
Den romerske historikaren Suetonius, eller Sveton, fortel at då keisar Augustus fekk meldinga om nederlaget, dunka han hovudet fortvila mot veggen og ropte: «Varus, gi meg legionane mine tilbake.» Tapet var uoppretteleg og dei tre legionane vart aldri retta opp igjen. Legionnummera 17, 18 og 19 kom aldri sidan i bruk igjen.Hedeager, Lotte og Tvarnø, Henrik: Tusen års Europahistorie. Romere, germanere og nordboere. Oslo 2001. Side 11
Forsøk på romersk gjenerobring høgre|mini|Thusnelda som gissel i Roma, utsnitt av romersk statue. Etter den store sigeren sin prøvde Arminius i fleire år få til ei meir endeleg form for union av dei nordgermanske stammane for å stå imot den uunngåelege romerske motoffensiven. Etter katastrofen i Teutoburgerskogen blei andre germanske stammar meir ope fiendtlege mot Roma, sjølv om den mektigaste germanske herskaren, kong Marbod av markomannarane i Böhmen, heldt fram med å vere nøytral, sjølv etter at Arminius sende han hovudet til Varus.Marcus Velleius Paterculus: II 119,5 Marbod avslo gåva og sende hovudet vidare til Roma for gravferd. I tillegg var dei fleste stammane mot kysten så pasifiserte av romarane at dei ikkje slutta seg til opprørarane. Likevel makta Arminius å danna ei solid blokk av antiromerske stammar i det som i dag er vestlege og sentrale Tyskland og austlege Nederland.
Mellom år 11 og 13 gjorde romarane under Tiberius innleiande angreip langs elvane Ruhr, Lahn og Ems, og etablerte støttepunkt på nytt. I september år 14 hadde Tiberius blitt keisar, og nevøen hans Germanicus tok over den store hæren ved Rhinen. Han gjekk straks til angrep med heldig resultat. Neste vår førte han to angrep opp langs Ruhr og Lahn. Det største resultatet var at han greidde å ta kona til Arminius, Thusnelda, til fange. Ho blei ført til Roma og synt fram i Germanicus sin sigersparade den 17 mai. Ho såg aldri heimlandet sitt igjen og blei ikkje nemnd på nytt av Tacitus, som beskreiv desse hendingane. Sonen ho fødde i fangenskap, Thumelicus, blei teken vare på av romarane og trena av romarane som ein gladiator i Ravenna, og han døydde truleg i arenaen.
Dette blei følgt av eit nytt togreina angrep med ein hær beståande av så mange som 100 000 troppar som skar styrken til Arminius i to langs Ems, og deretter pressa seg austover. No hadde Arminius retta ein kjenslemessig appell til dei germanske stammane om å slå tilbake invasjonen. Den einaste suksessen deira, hevda han, var å føra krig mot kvinner (det vil seia kona hans). Han skaffa seg ein såpass stor hær at han var i stand til å påføra romarane store nederlag. høgre|mini|Heroiserande marmorstatue av Germanicus. Etter å ha sikra det omliggjande området besøkte Germanicus slagmarka i Teutoburgerskogen og gravla restane av døde soldatar, og bygde ein stor gravhaug som indikerte at han planla å behalda dette området. Tacitus seier at denne seinare blei øydelagd av germanarar og at Germanicus oppgav å reisa han på nytt, og truleg var han heller ikkje i stand til det. Han prøvde deretter å utføra eit raskt angrep mot Arminius som førte romarane inn i ei felle og drap heile kavaleriet og støttetroppane. Germanicus gjorde ei hastig tilbaketrekking nordover og sende halve hæren sin sørover for å retta opp igjen ei viktig bru – ein annan indikasjon på at romarane planla å ta tilbake området, og at han hadde til hensikt å retta opp igjen infrastrukturen. Arminius omringa denne styrken, leidd av Caecina, øydela den oppbygde brua og dreiv romarane til ei hektisk tilbaketrekking gjennom eit myrlendt område. I eit møte om natta kravde Inguiomer, onkelen til Arminius, at dei skulle angripa den romerske leiren støtta av krigarane, men Arminius argumenterte imot og ønskte å angripa dei igjen berre når dei prøvde å flykta. Angrepet på romarleiren feila. Germanarane tapte mange menn, og dei overlevande romarane kom seg tilbake over Rhinen. venstre|mini|196x196pk|Ein moderne rekonstruksjon av ei romersk ørn, aquila, på ei fane. I år 16 invaderte Germanicus Germania på nytt, denne gongen frå nord. Tre store kampar er rapporterte i Tacitus si forklaring, det fyrste var slaga ved elva Weser der Arminius såg igjen bror sin Flavus, her kjempande for romarane. Ved å ropa over elva, kanskje ved staden for dagens moderne by Minden, kravde Arminius at bror hans kom tilbake til heimlandet sitt. Flavus ropte om det motsette, bad Arminius inngå fred med eit fast og bestemt, men også tilgivande Romarrike som hadde, påstod han, behandla hustrua hans og den nyfødde sonen hans godt. Ingen av dei overtydde den andre, og den romerske hæren klarte å kryssa elva, men med store tap.
Det neste slaget skjedde ved «Idistaviso», lengre opp elva Weser, truleg rundt Rinteln. Begge sider leid store tap og Arminius sjølv blei såra, men romarane var ikkje i stand til å sikra ein strategisk fordel og måtte oppgi planen om å pressa seg inn i hovudområdet til cheruskarane rundt Detmold. Det blei rapportert at Arminius slapp unna ved å smørja ansiktet inn i blod slik at han ikkje blei attkjend.
høgre|mini|Thusnelda i triumftoget til Germanicus, oljemåleri av Carl Theodor von Piloty, 1873
Det siste slaget stod lengre ned elva Weser, nord for den angrivarianske murem, ein jordvoll med palisade og påleverk som i følgje TacitusTacitus: Annals, 2.19 danna ei grense mellom landområda til angrivariarane og cheruskarane, omtrent ved innsjøen Steinhuder. Her fekk begge sider igjen store tap, men Germanicus klarte framleis ikkje å utsletta dei germanske styrkane.