Gloppen Friidrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i Gloppen kommune i Nordfjord. Laget vart stifta vinteren 1990 og organiserer friidrett på junior- og seniornivå for dei andre idrettslaga i kommunen: Breimsbygda IL, Fjellhug/Vereide IL, Sandane Turn og Idrettslag, Hyen Idrettslag og Brodd Idrettslag.

Den heimlege aktiviteten krinsar om Byrkjelo stadion.

Gloppen FIL har sanka eit tjuetals gullmedaljar i noregsmeisterskap i friidrett på bane. Utøvarar som Arne Indrebø, Kjell Ove Hauge. Elin Isane, Kristin Roset, Cecilie Rise, Trude Raad og Thomas Mardal har alle vorte noregsmeister.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gloppen Friidrettslag» frå , den 31. mai 2025.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Idrettslag i Sogn og Fjordane Kategori:Gloppen kommune Kategori:Skipingar i 1990