Cupfinalen i fotball 1973 var den 68. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Finalekampen vart spelt på Ullevaal stadion i Oslo sundag 21. oktober, med 23 299 tilskodarar på tribunane. Strømsgodset Idrettsforening frå Drammen vart norsk meister i fotball for tredje gong, gjennom å vinne med 1 mål mot 0 for Rosenborg Ballklub frå Trondheim. Medlem i Stavanger Idrettsforening, Svein-Inge Thime, dømde kampen.
Kampen I «en spillemessig svak kamp» var Rosenborg jamt over det beste laget, men makta ikkje få ballen inn bak ein dyktig Inge Thun i Strømsgodset sitt mål. Begge laga sleit på eit hardfrose banedekke, noko som førte til lite presise avslutningar på sjansane. 77 minutt ut i oppgjeret vart SIF-spelaren Finn Aksel Olsen felt i straffefeltet. Steinar Pettersen plasserte straffesparket høgt til venstre i målet. Drygt fem seinare skaut RBK-aren Jan Christiansen hardt frå 10-12 meter, men rett på målvakta. I sluttsekunda vart Odd Iversen utvist for kjeftbruk, få minutt etter han kom på bana.
Laga På Strømsgodset sitt vinnarlag spelte Inge Thun, Per Rune Wølner, Johnny Vidar Pedersen, Tor Alsaker-Nøstdahl, Svein Dahl Andersen, Odd Arild Amundsen, Finn Aksel Olsen, Bjørn Odmar Andersen, Thorodd Presberg, Steinar Pettersen, Ingar Pettersen. I andre omgang kom Bjørn Erik Halvorsen inn for Ingar Pettersen, og Helge Karlsen for Finn Aksel Olsen.
Rosenborg mønstra Geir Karlsen, Erling Meirik, Kåre Rønnes, Bjørn Rime, Knut Jenssen, Jan Christiansen, Anders Farstad, Erling Næss, Harald Sunde, Kjell Myrenget, Eivind Garberg. Bjørn Wirkola kom inn for Sunde i det 77. minutt, og Odd Iversen for Myrenget i det 86. minutt.
Kjelder Arbeiderbladet, 22. oktober 1973]
Kategori:NM i fotball Kategori:Sport i Noreg i 1973 Kategori:Noregsmeisterskap i 1973 Kategori:Idrettstilskipingar i Oslo