Royal Copenhagen er ein dansk produsent av finare porselen. Han blei skipa som eit aksjeselskap under namnet Den Danske Porcelainsfabrik den 1. mai 1775,ROYAL COPENHAGEN. Fiskars Denmark A/S, DK-2600 Glostrup, Danmark under vern av enkjedronning Juliane Marie, den dåverande kronprinsen Frederik og kong Christian VII.FABRIKKENS HISTORIE . Royal Copenhagen. Hentet 2022-09-14 Dagens namn oppstod då Kongelig Dansk fusjonerte med Holmegaard Glasværk i 1985.

Enkjedronninga bestemde at den nye bedrifta skulle ha tre blå bølgjande linjer som fabrikkmerket sitt (logo), den eine over den andre. Dette blei teke i bruk heilt frå starten av,Britannica, The Editors of Encyclopaedia. «Royal Copenhagen porcelain». Encyclopedia Britannica, 11 Feb. 2018, https://www.britannica.com/art/Royal-Copenhagen-porcelain. Accessed 13 September 2022. og logoen symboliserer Øresund, Storebælt og Lillebælt.FABRIKKENS HISTORIE . Royal Copenhagen. Hentet 2022-09-14Britannica, The Editors of Encyclopaedia. «Royal Copenhagen porcelain». Encyclopedia Britannica, 11 Feb. 2018, https://www.britannica.com/art/Royal-Copenhagen-porcelain. Accessed 13 September 2022. Dei tre bølgjene blei i mange år måla på porselenet av målarane sjølv, men i moderne tid har logoen blitt standardisert. Seinare kom det også til ei kongekrone, som gjerne blir plassert over dei tre blå bølgja linjene. Krona symboliserte opphavleg den kongelege eigarskapen.

Eigarskap

Grunnlegging og oppstart Den danske kjemikaren Frantz Heinrich Müller (1738–1820) dreiv omfattande forsøksverksemd med å framstilla porselen i åra like før porselensfabrikken blei grunnlagd. Dette var noko som sysselsette mange i Europa tidleg på 1700-talet, etter at den fyrste porselensfabrikken i Europa blei skipa i Meissen i 1710. Müller hadde bakgrunn som laborant hjå apotekaren på Bragernes i Drammen, der han også studerte norske bergartar og mineral. Han hadde etablert sitt eige føretak i 1771. Frå 1772 jobba han for å løysa porselensgåta, som var ein meir eller mindre godt bevart løyndom. Mange hadde prøvd og mislykkast. Müller vende seg ved fleire høve til hoffet for å få støtte for porselensprosjektet sitt. Han klarte endeleg å framstilla «ekte porselen» i 1774, og ein ny førespurnad til hoffet førte då fram til nødvendig støtte frå enkjedronning Juliane Marie, som på den tida var den reelle kongelege makthavaren i Danmark-Noreg.

«Kongelig dansk» Det gjekk ikkje så bra økonomisk til å byrja med, så det blei produsert meir til lagar enn det som vart selt.FABRIKKENS HISTORIE . Royal Copenhagen. Hentet 2022-09-14 Interesseselskapet tilbaud kongen å bli eineeigar av porselensfabrikken i eit brev datert 9. mars 1779. Tilbodet blei akseptert i kgl.res. av 21. april 1779 (i praksis bestemt av enkjedronninga og kronprinsen, sidan Christian VII var så sterkt sinnslidande at han ikkje kunne styra sjølv) tok på seg det økonomiske ansvaret (overtok eigarskapen). Deretter blei det kunngjort i ei forordning av 29. juni s.å. at namnet frå no av skulle vera Den Kongelige Danske Porcelænsfabrik, ofte forkorta til anten Den Kongelige Porcelænsfabrik eller i all enkelheit også til Kongelig Dansk. Det siste er naturlegvis også opphavet til dagens engelskformulerte namnet, som fyrst tredde i kraft midt i 1980-åra. venstre|mini|Flaggskipbutikken til Royal Copenhagen på Amagertorv 6 i København, like ved Strøget.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Royal Copenhagen» frå , den 22. mai 2025.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Den danske kulturkanonen Kategori:Skipingar i 1775 Kategori:Dekkjetøy Kategori:Porselen Kategori:100°E Kategori:14°N