Jon Anton Andersen Engen () var ein norsk arbeidsmann og politikar frå Nedre Eiker i Buskerud. Han var stortingsrepresentant i tre valbolkar frå 1895 til 1906.
Far til Anton Engen var sagmeister på Mjøndalens sagbruk. Til liks med faren arbeidde han på sagbruket i alle dei år, etterkvart som fyrbøtar, maskinist og arbeidsformann på bruket.
Perioden 1880-1910 var Engen medlem i heradsstyret, på 6 år nær. Også medlem i skulestyret i mange år. Hausten 1894 vart han vald til stortingsmann frå Buskerud, møtte i Stortinget 1895-97 der han hadde sete i Lagtinget og Gasje- og pensjonskomiteen. Sidan var han medlem i stortinga 1900-03 og 1903-06. Begge desse tingbolkane hadde han sete i Lagtinget, og han var medlem i Tollkomiteen. Hausten 1905 var han med i deputasjonen Stortinget sende til København for å møte den komande kongen, Haakon VII. På Tinget sokna Engen til den moderate retninga.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Drammens Tidende 8. januar 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Folk frå Nedre Eiker