Gunnar Øystein Helgevold () er ein norsk advokat og handballspelar frå Stavanger. Han vart seriemeister 1981 med Nordstrand IF og 1983 og 1984 med Kolbotn IL. I 1985 vart han noregsmeister med Stavanger IF og i 1988/89 med Viking HK. Helgevold var linjespelar på det norske landslaget.
Jurist Helgevold er utdanna jurist og jobba i politiet før han byrja som advokat i heimbyen Stavanger. Gjennom åra har han vore forsvarar i fleire saker som har fått stor merksemd i media.
Handball Klubbspel Helgevold var medlem i IL Viking fram til han våren 1973 melde seg inn i Stavanger IF. Frå hausten 1976 var han Nordstrand-spelar. Her bidrog han til at oslolaget vann 1. divisjon våren 1981. 1981/82-sesongen var han atter SIF-spelar. 1982-84 ytte han sitt til at Kolbotn IL vart seriemeister begge sesongane. Så var han enno ein gong, 1984-86, SIF-spelar. Her fekk han vere med på å vinne cupfinalen 14. desember 1985. I 1986 melde han seg til teneste då Viking Håndballklubb vart skipa. Han spelte på laget i åra fram til 1991.
Landslagsspel Helgevold fekk sin landslagsdebut 9. oktober 1976, og sin siste kamp i landslagsdrakt 5. februar 1981. Danmark var motstandar i begge kampane, begge enda med norsk tap. Til saman deltok Helgevold i 60 landskampar og skåra 49 mål. 9 av sine landslagsmål skåra han då Noreg og Island spelte uavgjort 18–18 den 28. september 1980.
Merittar Seriemeister: 1981 for Nordstrand IF Seriemeister: 1983 og 1984 for Kolbotn IL Noregsmeister: 1985 for Stavanger IF Noregsmeister: 1988/89 Viking HK
Kjelder
handball.no
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Norske politifolk Kategori:Norske juristar Kategori:Folk frå Stavanger