Peder Johannes Andersson Sandvig ( var ein sjømann og handelsborgar frå Ørsta, busett i Ålesund.

Peder Johannes var frå garden Sandvik-Ryste i Ørsta. Han var truleg sjømann frå ung alder. Folketeljingane 1865, 1870 og 1875 syner at han var jekteskipper i 1865, deretter «ølhandler» og handelsborgar i Ålesund.

Sandvig var gift 1848 med Johanne Olsdotter Emlem (1824-1909) frå Borgund. Dei budde i Hellevika i Ålesund og vart foreldre til 10 born. Sonen Peder Julius Sandvig dreiv ein større handel i Ålesund.

Kjelder Folketeljinga 1865 Folketeljinga 1870 Folketeljinga 1875

Kategori:Norske skipsførarar Kategori:Norske kjøpmenn Kategori:Folk frå Ørsta Kategori:Folk frå Ålesund