Jørgen Villiksson Fiskarstrand () var ein gardbrukar og jekteskipper på Styrkåplassen på Fiskarstranda i Sula.
Jørgen dreiv Villakgarden på Styrkåplass frå 1815 til 1846, han tok over bruket etter faren. Avisnotisar frå åra 1838, 1839 og 1840 i Romsdals Amtstidende, eit blad som kom ut i Kristiansund, syner at Jørgen dreiv frakt av klippfisk og ymse «indenlandske» varer med jekta «Lykkens Forsøg» mellom Sunnmøre og Bergen.
Jørgen var gift 1815 med Ingeborg Johannessdotter Bratthaug (1789-1871). Tre døtrer voks opp i Villakgarden, den yngste tok over bruket etter foreldra.
Kjelder Romsdals Amtstidende 26. mai 1838 Romsdals Amtstidende 6. oktober 1838 Romsdals Amtstidende 29. juni 1839 Romsdals Amtstidende 11. juli 1840 Borgund og Giske III.
Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Norske skipsførarar Kategori:Folk frå Sula