Malin Falch () er ein norsk teikneserieskapar og illustratør.
Falch er fødd i Trondheim. Ho budde i fem år i USA, der ho studerte ved ein høgskule. I San Francisco hadde ho fast jobb i speldesignselskapet Zynga. Då i det norske forlaget Egmont, som hadde komme over teikneserien hennar på internett, tok kontakt, bestemde Falch seg for å slutte i Zynga og flytte tilbake til Noreg.«Malin (25) fra Trondheim har signert kontrakt på tre bøker med tegneseriegigant». Trd.by. Besøkt 5. april 2018
Nordlys I 2018 debuterte Falch med den fyrste boka si, Nordlys: Reisen til Jotundalen.Egmont Publishing. 2018 Besøkt 5. april 2018 Boka handler om Sonja Solberg, med prinsessekvalitetar, som bur på Røros. Ho møter ein gut, Espen, og saman reiser dei til ei parallellverd der det bur nissar, troll, vikingar og andre snakkande dyr.
Nordisk Film kjøpte rettane til filmatisering av Nordlys i 2020.
Boka Trollriket: Nordlys: 4 var i 2021 årets mest selde barne-/ungdomsbok i Noreg ifølgje bestseljarlista til Bokhandlerforeningen.
Utlandssal Nordlys-serien er seld til 17 land, inkludert USA, Frankrike og Tyskland.
Prisar og utmerkingar for Nordlys, 2018 Arks barnebokpris 2018 for Nordlys: Reisen til Jotundalen 2019 for Nordlys: Reisen til Jotundalen 2019 for Bjørnar en historie fra Nordlys. , «Årets nye deltager» med , for deltaking i Love IRL.
Bibliografi Nordlys #1: Reisen til Jotundalen (2018) Nordlys: Skattejakten (julespesial, 2018) Nordlys #2: Vikingene og orakelet (2019) Bjørnar (spinoff, 2019) Nordlys #3: Kråkesøstrene (2020) Nordlys #4: Trollriket (2021) Nordlys #5 Portaltreet del 1 (2022) Nordlys #6 Portaltreet del 2 (2022) Nordlys #7 Harukkas ønske (2024)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Malin Falch» frå , den 31. mars 2025.
Kategori:Norske teikneserieskaparar Kategori:Norske illustratørar Kategori:Vinnarar av Gullruten Kategori:Folk frå Trondheim