Ketil Skogen () var ein norsk jurist, sorenskrivar og nynorskforkjempar frå Sauherad. Han var stortingsrepresentant for Telemark og partiet Venstre i periodane 1925–1927 og 1945–1949.

Karriere Skogen tok artium i 1904 og vart cand.jur. i 1909. Frå 1910 til 1936 dreiv han eiga sakførarforretning i Sauherad, bortsett frå at han i to år, 1914-16, var redaktør for avisa Den 17de Mai. Frå 1936 til 1954 var han sorenskrivar i Vest-Telemark.

Skogen var den fyrste som avla juridisk embetseksamen på nynorsk, han arbeidde aktivt med å omsetje norske lover til nynorsk. Han var fylkesleiar i Telelaget, Noregs Mållag sitt fylkeslag i Telemark, og medlem i Noregs Mållag sitt styre i 1915, 1921, 1949, 1953 og 1954.

I Sauherad var Skogen 1910–1913 og 1919–1922 medlem i kommunestyret, den siste bolken var han varaordførar. I perioden 1925–1927 møtte han på Stortinget for Venstre. I 1926 var han aktor i riksrettsaka mot Abraham Berge. Hausten 1946 kom Skogen inn på Stortinget for andre gong, etter at den valde representanten hadde døydd. På Stortinget fekk han sete i Justiskomiteen.

Skogen var 1953–1962 medlem av Sivillovbokutvalet. Han vart tildelt Kongens fortenstemedalje i gull i 1969. Privatarkivet hans finst ved Statsarkivet i Kongsberg.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ketil Skogen (sakfører)» frå , den 22. mars 2025.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Norske sorenskrivarar