mini|Hankekøyring med hest etter fin vinterveg på Lillerud i Vestre Gausdal vinteren 1967. Hankekøyring var køyring av tømmer som var lenka saman til ein lang tarm med stokkar etter kvarandre, ofte tre i breidda. Stokkane laut borkast, slik at det gleid lettare. Toppenden på dei fremste stokkane vart lagde på ein stytting, og så vart etterfylgjande stokkar lenka saman med stutte kjettingar, kalla «baklekkjer»K. Søgård og T. Fossum, Hankekjøring i Vestre Gausdal, Anno – Museene i Hedmark., eller tømmerlekkjer. I toppenden vart baklekkjene tredde gjennom hol, òg kalla «auge», som var bora gjennom stokkane med navar. I eldre tid vart det hogd auge med smaløks. Dette førte til noko svinn på grunn av at endane vart skadde, spesielt når det vart hogd auge med øks. Baklekkjene hadde pjeksar (bleigar) i dei ydste lenkjene i den eine enden av baklekkjene, som vart slegne inn i rotenden på stokkane med ein øksehammar. Framenden på stokkane vart runda av litt, for at dei skulle gli lettare og ikkje verta oppflisa.

Hankekøyring vart ofte nytta i bratt lende. Utover våren vart det gjerne glatt i tømmervegen og i bakkane kunne stokkane skuva på meir enn hesten klarte å halda att. Det vart då sett ei eller fleire bremselekkjer, òg kalla «ristblekkje», rundt stokkane. Det hjelpte òg å måka snø inn i vegen og om det fanst ei maurtuve i nærleiken hende det at ho vart måka inn i vegen.

Galleri

Referansar

Kategori:Skogbruk Kategori:Tømmertransport