Mangarevansk er eit polynesisk språk. Det blir snakka på Gambierøyane i Fransk Polynesia, der Mangareva er den største øya.

Språket har 75 % leksikalsk likskap med rarotongansk, 73 % med marquesisk og 72 % med tuamotuansk, og er fjernare i slekt med tahitisk (50–68 % leksikalsk likskap). I 2011 vart talet på språkbrukarar oppgjeve til 600

Språket er nytta i lyrikk og det er gitt ut ordbok. Det er også arbeid for å revitalisere språket.

Mangarevansk er anerkjent i sjølvstyrelova for Fransk Polynesia. Det skal vernast og er tillate undervist i skulen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mangarevansk» frå , den 17. mars 2025.

Kategori:Malayopolynesiske språk Kategori:Einskildspråk Kategori:Språk i Fransk Polynesia