Angelina Mango () er ein italiensk songar og låtskrivar. Ho blei kjend etter at singlane hennar «Ci pensiamo domani» og «Che t’o dico a fa’» nådde topp ti på den italienske singellista i 2023. Begge songane kom etter utgjevinga av hennar andre EP, Voglia di vivere, som nådde andreplassen på den italienske albumlista. Mango vann Sanremo-festivalen 2024 med songen «La noia» og representerte Italia i Eurovision Song Contest 2024.

Bakgrunn Angelina Mango blei fødd 10. april 2001 i Maratea i provinsen Potenza i Basilicata. Ho er dotter av den kjende songaren , kjend som Mango, og , tidlegare songar i . Ho vaks opp i Lagonegro an med sin eldre bror, Filippo (fødd 1995), som deler hennar lidenskap for musikk. I oppveksten lærte ho å syngje og spele piano og gitar. Fra femårsalderen drev hun også med dans i ti år.

Mango byrja som vokalist i eit coverband der broren spelte trommer, og saman opptredde dei på klubbar i heimbyen. Hennar fyrste studioinnspeling var som 10-åring på faren sitt album La terra degli aquiloni, der ho bidrog som bakgrunnsvokalist. Senere spilte hun inn «Get Back» av The Beatles i duett med sin far på hans siste album L’amore è invisibile. I september 2014 byrja ho på videregåande skule (liceo scientifico), men måtte setje utdanninga på vent etter det plutselege dødsfallet til faren 8. desember samme år. I 2016 flytta hun med mora og broren til Milano, der ho heldt fram med utdanninga og å spele i band.

Karriere 2020–2021: Monolocale Den 13. november 2020 gav Mango ut sin fyrste singel, «Va tutto bene», som var ein føresmak på debut-EP-en Monolocale. I 2021 varmet hun opp for Giovanni Caccamo og Michele Placido på deres Parola Tour og opptrådte under Milan Music Week i november. Same år deltok ho i uttaket til Sanremo Giovani med låten «La tua buona colazione», men nådde ikkje finalen.

2022–2023: Amici og EP-en Voglia di vivere

Etter å ha signert med byrja Mango å samarbeide med produsenten Enrico Bruni. I 2022 opptredde ho på Concerto del Primo Maggio og vann Live Award i musikkonkurransen Musica da bere. Ho gav ut fleire singlar, inkludert «Formica», «Walkman» (produsert av Tiziano Ferro) og «Rituali». I november 2022 var ho deltakar i den 22. sesongen av talentprogrammet Amici di Maria De Filippi, der ho enda på andreplass og vann songkategorien. Undervegs i konkurransen gav hun ut singlane «Voglia di vivere» og «Mani vuote». Etter Amici opptredde ho blant anna på Capodanno in musica og varma opp for i Roma.

Den 12. mai 2023 gav Mango ut singelen «Ci pensiamo domani», som blei ein stor hit og selde over 400 000 eksemplar (4× platina). EP-en Voglia di vivere, utgitt 19. mai 2023, debuterte som nummer to på albumlisten og ble sertifisert til gull. I juni og juli 2023 opptredde ho på flere store festivalar, inkludert Battiti Live og TIM Summer Hits. Den 6. oktober 2023 gav ho ut singelen «Che t’o dico a fa’», som nådde andreplassen på singellista og ble sertifisert med dobbelt platina.

2024: Sanremo-festivalen og Eurovision Song Contest

Angelina Mango deltok og vann Sanremo-festivalen 2024 med songen «La noia». Hun mottok flere priser, inkludert Kritikerprisen, Radioprisen og Lunezia Award for låtskriving. Under coverkvelden i festivalen framførte ho ein ny versjon av faren sin song «La rondine», og kom på andreplass den kvelden.

Morgonen etter sigeren stadfesta Mango at ho ville representere Italia i Eurovision Song Contest 2024, der ho enda på 7. plass i finalen. Etter Eurovision Song Contest opptredde ho på Isle of Wight Festival 22. juni 2024.

Privatliv Sidan midten av 2021 har Mango vore i eit forhold med gitaristen Antonio Cirigliano, som også kjem frå Potenza. Ho har uttala at ho kan forelske seg i kven som helst, uavhengig av kjønn.

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Angelina Mango» frå , den 2. mars 2025. Denne artikkelen bygger på «Angelina Mango» frå , den 2. mars 2025.

Kategori:Italienske songarar Kategori:Italienske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Italienske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-låtskrivarar Kategori:Festival della Canzone Italiana di Sanremo-vinnarar