Luna Wielgomas (), kjend profesjonelt som LUNA (stilisert i store bokstavar), er ein polsk songar og låtskrivar. Ho representerte Polen i Eurovision Song Contest 2024 med songen «The Tower».

Bakgrunn Wielgomas blei fødd i Warszawa. Ho har tre brør og er dotter av entreprenøren Andrzej Wielgomas. Familien hennar driv Dawtona, eit polsk familieeigd selskap innan matvareindustrien. Ho studerte ved Tadeusz Baird nasjonale musikkskole i Grodzisk Mazowiecki, der ho tok fiolintimar. Frå 2015 til 2018 studerte ho juridiske og politiske fag, og i 2018 byrja ho på Universitetet i Warszawa.

Musikkarriere Byrjinga I 2010 blei Wielgomas medlem av barnekoret Artos ved , der ho studerte song under Danuta Chmurska og opptredde i operaer.

2018–2019: Ola Wielgomas I 2018 innleia Wielgomas eit samarbeid med plateselskapet Kayax gjennom prosjektet My Name Is New. Same året spelte ho inn debutsingelen sing «Na wzgórzach niepokoju», skriven av Marcin Nierubiec med tekst av henne sjølv. Singelen blei gjeven ut 19. september 2018 og spelt på Polskie Radio Program III. I mai 2019 opptredde ho i Jaga Hupałos studio under . I juni gav ho ut singelen «Zastyga», og månaden etter opptredde ho på Naturalnie Mazury Festival. I august 2019 spelte ho på Pol’n’Rock Festival.

2020–no: Luna I 2020 starta Wielgomas eit samarbeid med komponisten Michał «Fox» Król, noko som resulterte i singelen «Luna», som markerte den nye kunstnariske retninga hennar. Tittelen, som tyder «måne» på latin og fleire romanske språk, blei artistnamnet hennar. Ho har sagt at valet skuldast den spesielle tilknytinga hennar til månen og natta generelt. Same år spelte ho inn songen «Serca przemokną», men han blei fjerna frå nettet etter kort tid.

I januar 2020 opptredde Wielgomas under den 28. finalen av Wielka Orkiestra Świątecznej Pomocy. I juli spelte ho konsert saman med bandet Cukier på Stodoła Club i Warszawa. Den 28. august song ho «Dlaczego drzewa nic nie mówią» saman med Mela Koteluk. Den 25. november 2020 gav ho ut singelen «Zgaś», som fekk svært god mottaking og blei inkludert på fleire lister over dei beste polske songane i 2020. Songen ble også spelt på fleire radiostasjonar, blant anna Chillizet, Radio Eska og Polskie Radio Program I. Ho inkluderte lyder frå verdsrommet, publiserte av NASA, i songen.

thumb|Luna på scena i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest 2024.

Den 2. februar 2021 gav Wielgomas ut singelen «Mniej», der ho også brukte romlyder, blant amma fra Venus (symbol på venleik, kjærleik og kunst) og Merkur (forståing). Songen kom med på Radio Wawa’s Top 13, Radio Eska’s Hot 20 og toppa Radio Victoria’s Alterlist. Seinare same år blei ein remix av songen, laga av Skytech, gjeven ut og toppa DJ Top 10-lista. Den 3. april 2021 gav ho ut singelen «Nie proszę o więcej», ein duett med Marcin Maciejczak. Den 29. april kom den engelske versjonen av «Zgaś», kalla «Blind», med tilhøyrande musikkvideo. Den 20. mai gav ho ut «Wirtualne Przedmieście», ein song om balansen mellom den virtuelle og verkelege verda. Musikkvideoen blei spelt inn ved Det nasjonale etnografiske museet i Warszawa. Den 18. juni gav ho ut den engelske versjonen, «Virtual Rivers». Seinare same år følgde singlane «Zabierz Nasze» (12. august) og «Melt Away» (10. september).

Den 19. februar 2024 blei Wielgomas presentert som den polske representanten i Eurovision Song Contest 2024 med songen «The Tower». Ho deltok i den fyrste semifinalen tysdag 7. mai 2024, men kvalifiserte seg ikkje til finalen etter å ha enda på 12. plass av 15 deltakere, med 35 poeng. Mot slutten av året gav ho ut to nye singlar, «Wild West» og «Personal Torture», som introduserte det andre studioalbumet hennar No Rest.

Andre aktivitetar Fra 2015 til 2017 spelte Wielgomas rolla som ei Kraków-kvinne i førestillinga Cud albo Krakowiacy i Górale. Ho var også knytt til teateret «u Machulskich». Ho er ambassadør for Equal Spotify-initiativet og representerer Polen i dette prosjektet.

Kunstnarisk stil Wielgomas er interessert i astrologi, filosofi, kunst, økologi og mote. Ho nemner Nick Cave og Björk som sine største inspirasjonar. I eit intervju med K-MAG i desember 2020 sa ho at ho finn inspirasjon i naturen, spesielt i forbindinga mellom mikro- og makroverda. Ho er også fascinert av poesi, spesielt verka til Bolesław Leśmian. Ho skildrar Luna som sitt alter ego, «fullt av løyndommar og magi». Ho valde Luna som artistnamn fordi Luna tyder «måne» på latin, og ho meiner at månen har stor innverknad på livet hennar. Ho har også sagt at namnet hennar heng saman med hennar søvngjengeri. I oktober 2024 endra ho det juridiske namnet sitt til Luna Wielgomas. Wielgomas komponerer musikk med fokus på stemning og kjensler, og stilen hennar blir ofte skildra som mystisk. Sjølv kallar ho sjangeren sin for «kosmisk pop».

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Luna (artist)» frå , den 2. mars 2025. Denne artikkelen bygger på «Luna (Polish singer)» frå , den 2. mars 2025.

Kategori:Polske songarar Kategori:Polske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Polske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-låtskrivarar Kategori:Folk frå Warszawa