Anders Thomasson Jørstad Lysgaard () var ein norsk gardbrukar, tollar og stortingmann frå Gausdal.

Han var ei tid gardbrukar i Biri i Oppland. Frå 1864 arbeidde han som betjent i tolletaten i Skien, sidan 1871 overtollbetjent i Bergen.

Lysgaard var 1850 medlem i ein kongeleg kommisjon om husmannslova og 1853 om fattiglova. Han representerte Kristians amt i Stortinget 1857, omframtstortinget 1858, og i Stortinget 1859-60. 1857 var han medlem i Justiskomite nr 1, 1859-60 medlem i Lagtinget og Vegkomiteen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Folketeljing 1885

Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Folk frå Gausdal