Christopher Winther Scheen () var ein norsk prest og stortingsmann frå Risør.

Scheen var son til ein kjøpmann. Etter han vart student frå Drammen skole i 1828, utdanna han seg til cand.theol. 1833. Han var så residerande kapellan i Veøy prestegjeld i Romsdal fram til 1840. Sidan sokneprest i Leksvik til 1849, deretter i Porsgrunn til han døydde i 1850.

Scheen representerte Nordre Trondhjems amt i stortinga 1845 og 1848. På Tinget var han medlem i Justiskomite nr. 2.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Folk frå Risør Kategori:Norske prestar