Riulf Engebret Erlandsen () var ein norsk jurist, sorenskrivar og politikar frå Drøbak. Han representerte valkrinsen Tønsberg i Stortinget 1877-79. Caspar Erlandsen var far hans.

Riulf Erlandsen vart cand.jur. i 1850. Etter tre år som sakførarfullmektig, var han 1854-57 sorenskrivarfullmektig i Jarlsberg. Åra 1856-77 arbeidde han som sakførar i Tønsberg. Styreleiar i Det vestfoldske skibsassuranceselskab. Frå 1877 til 1905 var han sorenskrivar i Søndre Helgeland, busett i Brønnøy.

Erlandsen representerte einmannskrinsen Tønsberg i Stortinget 1877-79. 1877 var han medlem i Kyrkjekomiteen, 1878-79 i Justiskomiteen.

Han flytta til hovudstaden og døydde der.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Folketeljinga 1900

Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Folk frå Drøbak