Holmlia er eit område i bydelen Søndre Nordstrand i Oslo, med om lag 12 000 innbyggjarar. Terrenget på Holmlia er kupert, og bustadene er organisert i klynger av lågblokker og rekkehus, med mange vegetasjonsbelte og bilfrie område. Området har vore planlagt slik for å gjere butilhøva best moglege, som eit resultat av lærdomen frå enkelte negative erfaringar frå andre drabantbyar i Oslo. Busetjinga er organisert i burettslag, og OBOS og USBL er sentrale utbyggjarar på Holmlia.
Ein stor del av innbyggjarane er barn og unge. Kvar 4. innbyggjar har vandra inn frå land utanfor Vesten. Bydelen Søndre Nordstrand er eit av dei største og nyaste bustadområda i byen, og har om lag 30 000 menneske frå 60 ulike nasjonar, med om lag 125 ulike språk.
Namn Namnet «Holmlia» var først brukt om togstasjonen på Østfoldbanen, som fekk namn etter garden Holm og husmannsplassen Lia.
Historie Strøket vart bygt ut frå slutten av 1970-åra. Den første innflyttinga byrja i 1981.
Ved årsskiftet 2017/2018 vart den faste politiposten på Holmlia nedlagd. Mobile politipostar vart tilgjengelege for utstasjonering i eining Aust i Oslo-politiet.
Kjelder
Stiftelsen Holmlia nærmiljø
Bakgrunnsstoff Asperud borettslag Bertramjordet borettslag Fjeldlund boligsameie Hallagerbakken borettslag Lerdalstoppen borettslag Liakollen borettslag Midtre Ravnåsen borettslag Nordskrenten borettslag Nedre Ravnåsen borettslag Rosenholm borettslag Skovbakken borettslag Sloreåsen borettslag Storfjellet borettslag Søndre Åsgården borettslag Tirilltunga borettslag Tirillsletta borettslag Vestskrenten borettslag Øvre Ravnåsen borettslag Åstun borettslag
Kategori:Strøk i Oslo Kategori:Bydel Søndre Nordstrand