Jan Helge Jansen ( var ein norsk prest og politikar. Han representerte Telemark og partiet Høgre i Stortinget perioden 1985–89.

Liv og virke Jansen voks opp i Bergen. Han utdanna seg i teologi ved Universitetet i Oslo. Her engasjerte han seg i studentpolitikken og sat som formann i Den Konservative Studenterforening og Det Norske Studentersamfund. Etter embetseksamen 1965, vart han 1966 ordinert til prest i Den norske kyrkja i 1966. Han var kallskapellan i Gjerpen frå 1968 til 1982, deretter kapellan og sidan sokneprest på Gulset i Skien. Han pensjonerte seg i 2003.

Jansen var medlem i Skien bystyre 1972-85. Frå 1980 til -85 var han medlem i formannskapet i byen og formann i kulturstyret. Han var også med i fylkeskulturnemnda. Hausten 1985 vart han vald inn i Stortinget frå Telemark, der han fekk plass Sosialkomitéen. Han vart vraka som stortingkandidat i 1989, etter å ha vorte utfordra i sitt eige kommuneparti (Skien Høgre). Jansen var bystyremedlem i Skien 1991-99.

Kjelder

stortinget.no

Denne artikkelen bygger på «Jan Helge Jansen» frå , den 16. februar 2025.

Kategori:Norske prestar Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Folk frå Skien