mini|Baksida av ein britisk bronsespegel datert til mellom år 50 fvt. og år 50, som visar La Tène-stilen. Keltisk kunst er assosiert med keltarar; ulike folkegrupper som snakka keltiske språk i europeisk forhistorie fram til moderne tid, og til kunst framstilt i oldtida som av folk ein ikkje kjenner språket til, men med kultur og stilistiske trekk som var samanliknbare med keltiske folk. høgre|mini|Muiredach's High Cross i Irland på byrjinga av 900-talet. Keltisk kunst er eit vanskeleg omgrep å definera, då det omfattar ein svært lang tidsperiode over eit stort geografisk område og mange kulturar. Generelt bruker arkeologar omgrepet «keltisk» til å omtala europeisk kultur i jernalderen frå rundt år 1000 fvt. og frametter til Romarriket erobra størstedelen av kulturområdet, og kunsthistorikarar byrjar typisk å tala om «keltisk kunst» frå La Tène-perioden (omkring 500 til 100 f.v.t) og frametter.Jf. t.d. Megaw, som i sin introduksjon forklarer stoda og at deira artikkel berre vil dekka La Tène-perioden. «Tidleg keltisk kunst» er eit anna omgrep som blir brukt om denne perioden, som i Storbritannia strekker seg til rundt år 150 evt. Den tidlege mellomalderkunsten i Storbritannia og Irland, der Book of Kells og andre meisterverk blei laga, er det som oftast blir forbunde med «keltisk kunst» i den engelsk-talande delen av verda, i tillegg til insulær kunst. Dette er den best kjende delen, men det dekkjer ikkje heile den keltiske kunsten frå tidleg mellomalder, som òg omfattar piktisk kunst i Skotland.

Keltisk kunst er typisk ornamentert, unngår rette linjer og nyttar berre av og til symmetri. Keltisk kunst har ei rekkje ulike stilartar som viser innverknad frå andre kulturar i knute-kunsten deira, spiralar, nøkkelmønster, bokstavar, dyrebilde, planteformer og menneskefigurar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Keltisk kunst» frå , den 5. februar 2025. Bibliografi Megaw, Ruth and Vincent, «Celtic Art», Oxford Art Online, vitja 7. oktober 2010

Bakgrunnsstoff

Kategori:Keltarar Kategori:Kunsthistorie