miniatyr|Wall of Feminism i Trondheim, med digitale teikningar utførte av Trond Rømo Wall of Feminism er eit prosjekt i regi av Feministhuset i Trondheim. Veggen er i i Trondheim. Veggen består pr. 2024 av 74 portrett av historiske kvinner med tilknyting til Trondheim. Frå nettstaden til prosjektet:
«Trondheimshistorien er full av barske kvinner som bryter ut av trange rom og staker ny kurs. Men i byens skulpturpark, i floraen av gate- og veinavn finner vi få spor etter dem. Wall of feminism er [...] fargerike portretter av historiske kvinner med tilknytning til Trondheim, for å synliggjøre kvinners bidrag i krig- og fredstid: I samfunnsliv, kunst og kultur.»
Wall of Feminism vart avduka i Trondheim 8. mai 2021 i Krambugata/Olavshallen. Han inneheldt då 30 portrett. Initiativtakarar, utviklarar og forfattarar er og Halldis Nergård. Nye kvinner vart innlemma i galleriet i 2022, 2023 og 2024.
Portretta på veggen er digitale teikningar i storleiken 30 x 30 cm, utførte av Trond Rømo, medan Roger Aasegg er designar for sjølve portrettveggen.
I tillegg til den fysiske Wall of Feminism er kvinnene grundigare presenterte på nettsida til prosjektet.
Rusten og Nergård tok også initiativ til kvinnehistoriske vandringar i Trondheim, som vert gjennomførte i regi av Feministhuset. Rutene går til sentrale stader i livet til dei enkelte av de portretterte kvinnene.
Oversyn over dei portretterte kvinnene Alle portretta er teikna av Trond Rømo, om ikkje anna er opplyst