Coloradoelva (spansk: Río Colorado, spansk uttale: [ˈri.o koloˈɾaðo]) er ei elv i det sentrale Argentina.

Coloradoelva utgjer det meste av den politiske grensa mellom dei argentinske provinsane Neuquén og Mendoza, og dessutan mellom Río Negro og La Pampa. Den kunstige demninga Embalse Casa de Piedra blir brukt både til å produsere vasskraft for det tørre området elva kryssar, og til å regulere vasstanden i elva.

Kjeldene til Coloradoelva ligg på dei austlege skråningane av Andesfjella, på same breiddegrad som den chilenske vulkanen Tinguiririca (rundt 34° 48' S). Elva følgjer generelt ei aust-søraustleg retning mot Atlanterhavet. Etter å ha forlate Andes-området, renn Colorado gjennom eit goldt og tørt landskap og får ingen store sideelvar, bortsett frå Salado (Desaguadero-elva) frå provinsen La Pampa.

Elveslettene gjennom Patagonia er fruktbare og skogkledde, men areala er for små til å støtte meir enn ein liten, spreidd folkesetnad. Elven munnar ut omtrent 100 til 120 kilometer sør for Bahía Blanca gjennom fleire kanalar i eit elvedelta ved Unión-bukta, som strekkjer seg frå breiddegrad 39° 30' S til 39° 50' S. Den totale lengda på Coloradoelva er omtrent 1 000 kilometer. Ei strekning på rundt 300 kilometer frå kysten opp til Pichi Mahuida er navigerbare for fartøy med opptil 2 meters djupgang.

Elva blir ofte skildra som danna ved samløpet av Grande og Barrancas. Sidan Barrancas berre er ein liten bekk samanlikna med Grande, er det meir nøyaktig å vurdere Barrancas som ei sideelv som renn inn i hovudelva. Hovudelva blir kalla «Grande» ovanfor samløpet med Barrancas, og «Colorado» nedanfor dette punktet.

Kjelder

Denne artikkelen er ei omsetting av «Colorado River (Argentina)» frå , den 25. januar 2025

Bakgrunnsstoff

Kategori:Elvar i Argentina