Kopači (kyrillisk Kopači) er ein tettstad og hovudsete i kommunen Novo Goražde i Den bosniske serbarrepublikken (Republika Srpska), den eine av dei to føderative einingane («entitetane») som staten Bosnia-Hercegovina er delt inn i på grunnlag av Daytonavtalen.

Etter Daytonavtalen vart byen Goražde og det meste av den tidlegare kommunen liggjande i Føderasjonen Bosnia-Hercegovina. Ein mindre del vart liggjande i Den bosniske serbarrepublikken som kommunen Novo Goražde.

Folketal Ved dei siste folketeljingane var folketalet:

Folketal 1991 Folketal 2013 Kopači 230 146

Kjelder Referansar

Kategori:Byar og tettstader i Den bosniske serbarrepublikken