Makedonsk er eit sørslavisk språk som hovudsakleg blir tala i Nord-Makedonia, der det er offisielt språk. Det blir også tala i Albania, Bulgaria, Hellas og den makedonske diasporaen.

Språket er mykje likt bulgarsk i grammatisk struktur og ordtilfang. Makedonsk har også mange ord frå tyrkisk som spor frå Det osmanske riket. I dag tek det hovudsakleg opp lånord frå engelsk.

mini|«Makedonia» med makedonsk handskrift. mini|Makedonsk bokside frå 1500-talet.

Skriftsystem Makedonsk blir skrive med ein makedonsk variant av det kyrilliske alfabetet. Det moderne makedonske alfabetet blei teke i bruk i 1944, og skil seg litt frå det serbiske kyrilliske ved å ha bokstaven ѕ for affrikatet /dz/ og bokstavane ć for serbisk ќ og đ for ѓ. Schwa-lyden har ikkje eigen bokstav, men blir uttryk med apostrof.

+ Det moderne makedonske alfabetet (etter 1944) og nokre moglege transliterasjonar Makedonsk Аа Бб Вв Гг Дд Ѓѓ Ее Жж Зз Sѕ Ии Јј Кк Лл Љљ Мм Namn а бъ въ гъ дъ ѓъ е жъ зъ ѕъ и јъ къ лъ љъ мъ IPA /a/ /b/ /v/ /g/ /d/ /ɟ/ /ɛ/ /ʒ/ /z/ /dz/ /i/ /j/ /k/ /ɫ/, /l/ /ʎ/ /m/ Transliterasjon a b v g d g' e ž z dz i j k l lj m Makedonsk Нн Њњ Оо Пп Рр Сс Тт Ќќ Уу Фф Хх Цц Чч Џџ ШшNamn нъ њъ о пъ ръ съ тъ ќъ у фъ хъ цъ чъ џъ шъ IPA /n/ /ɲ/ /ɔ/ /p/ /r/ /s/ /t/ /c/ /u/ /f/ /x/ /ts/ /tʃ/ /dʒ/ /ʃ/ Transliterasjon n nj o p r s t k', ć u f h c č dž š

Forklaring: Namn er namnet til bokstaven på makedonsk, IPA er uttalen i høve til det internasjonale fonetiske alfabetet. Transliterasjon er den som er internasjonalt utbreidd. Det finst også andre måtar å transliterera på, til dømes i SMS eller e-mail, særleg for ќ ("k", "kj", "kk") og ѓ ("g", "gj", "gg", "dj").

Språkdøme Norsk Makedonsk transkribert Makedonsk med kyrilliskVelkomen!Dobre dojdovte!Добре дојдовте!Takk for at me fekk koma!Dobro se najdovme!Добро се најдовме! Goddag! Dobar den! Добар ден!Korleis har de det?Kako ste?Како сте?Hei!Zdravo!Здраво!Korleis går det?Što praviš?Што правиш?Farvel!Do viduvanje!До видување!Takk!Blagodaram!Благодарам!Unnskyld!Izvinite!Извините!Ja!Da!Да!Nei!Ne!Не!

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Makedonsk» frå , og «Makedonsk» frå den 10. september 2011.

Denne artikkelen bygger på «Makedonsk» frå , den 10. september 2011.

Bakgrunnsstoff Macedonian - UCLA Language Materials Project, University of California Los Angeles (UCLA).

Kategori:Slaviske språk Kategori:Språk i Albania Kategori:Språk i Bulgaria Kategori:Språk i Hellas Kategori:Språk i Nord-Makedonia Kategori:Språk i Serbia Kategori:Einskildspråk